Markering 1. mai - Flaggheis og Rallaren i Øvre Årdal
1. mai Øvre Årdal
Sjå samtalen mellom Torbjørn Vereide, Marie-Helene Hollevik Brandsdal og Jonas Gahr Støre på LO-huset.
Sjå 1.mai-markeringa frå Årdalstangen
1. mai er ein viktig dag for oss, der me får mogleggheit til å hylla rallaren, som gjennom enkle kår og tunge arbeidsforhold bana veg for den velferda me faktisk har i dag.
Med ei regjering som absolutt fortener fagrørsla sitt søkelys og protestar på dei usosiale inngrepa i folk sin kvardag og økonomi, er det viktigare enn nokonsinne å få synleggjort våre krav og synspunkt.
Me må i dag minna kvarandre på kor viktig det er å ha eit godt organisert arbeidsliv, ein sterk offentleg sektor med gode utbygde helseordningar, gode opplæringsvilkår for born og unge, samt eit godt sosialt sikkerheitsnett.
1. mai er arbeidarbevegelsen sin internasjonale kamp- og demonstrasjonsdag. I år er hovudparolen tryggleik for helse og arbeid. Dette er meir relevant enn nokonsinne. Gratulerer så mykje med dagen, alle saman! Nyt dagen og ta vare på kvarandre.