ANNONSE:

Jordeplerock-comeback 24. juni: Difor er dette tidenes lineup av artistar
Etter to utsetjingar, kjem alle artistane som var booka i 2020 til Lærdal no. Det gjer at to faste Jordeplerockarar gler seg ekstra mykje til årets festival.
– Vi trefte veldig godt med artistane vi booka i 2020, altså, seier Stian Offerdal Vatlestad, styreleiar for Jordeplerock 2022.
Det er nemleg akkurat dei same artistane som var klare den gong, som stiller i år.
– Dei var klare også i 2021, og vi var godt i gang med planlegginga, men alle veit jo korleis det gjekk.
At alle artistane framleis har lyst til å kome til Lærdal og spele, tenkjer Offerdal Vatlestad er ei lita fjør i hatten for festivalen. Og at artistane er like aktuelle no som for to år sidan, viser at Jordeplerock har gått for kvalitet.

– Saman med den variasjonsbreidda artistane representerer, som gjer at vi har noko for alle aldrar, gjer dette at eg meiner vi har tidenes lineup. Dessutan har vi brukt meir pengar enn nokon gong på bookinga i år, fortel Offerdal Vatlestad.
God støtte
Sjølve grunnlaget for Jordeplerock er eldsjeler og dugnadsånda i Lærdal. Men dei har også gode støttespelarar som gjer det mogleg å booke «tidenes line-up».
– Årdalsnett er ein av to hovudsponsorar. Ein ting er den økonomiske støtta. Men dei bidreg også med ei positiv innstilling, og med praktiske ting som Wi-Fi på heile festivalområdet. Det har motivert oss til å halde hjula i gang, også gjennom den tunge perioden vi har bak oss, forklarar Offerdal Vatlestad.
Årdalsnett har vore med som støttespelar nesten heilt sidan starten.
– Dei var ei uvurderleg støtte for oss også gjennom dei vanskelege etableringsåra, og at dei var med, la grunnlaget for at også andre sponsorar har kome etter, seier Offerdal Vatlestad.
Datoane er 24. og 25. juni
Sjå fullt program og kjøp billett her

«Handla lokalt»
Når Jordeplerock no gjer eit solid comeback etter pandemipausen, er dagleg leiar i Årdalsnett, Thomas Norheim Moen, imponert:
– Dette er moro! Eldsjelene i Lærdal har etablert ein svært veldriven festival, som får skryt for alt frå mat og lineup av artistar, til toalettfasiliteter og sikkerheit. Eg ser verkeleg fram til årets utgåve!

– Og me har jo mange kundar i Lærdal. Våre tilsette kjenner så godt som kvar ein hage, ja kvar ei busk. Når lærdølene kjøper tenester frå Årdalsnett – til dømes ei oppgradering til Wi-Fi 6, gir det oss moglegheit til å gje noko tilbake til lokalsamfunnet, held Norheim Moen fram.
Slagordet til Årdalsnett – «handla lokalt» – har dermed akkurat same innhald, også på den andre sida av fjellet.
Ekstra stas i år
Camilla Grøttebø (41) er ser fram til å kunne ta opp att Jordeplerock-tradisjonen sin i år. Og sidan sola er borte heile vinteren i Lærdal, satsar ho på at den også gjer eit comeback til festivalhelga:

– Eg gler meg veldig! Det er kjekt å kunne samlast igjen. Berre vi får sol og fint ver også!
Ho synest årets samling av artistar er knallgod, og ser i grunn fram til alle saman.
– Og DDE kan jo verkeleg lage fest, det veit vi jo, seier Grøttebø.
Datoane er 24. og 25. juni
Sjå fullt program og kjøp billett her

Smart å sikre seg plass
– Eg ser fram til å treffa mange kjensfolk, både innanbygds og utanbygds. Jordeplerocken byrjar å bli såpass kjent no, seier Ådne Lervik Einemo.
Basert på tidlegare erfaringar, kjem han med eit godt tips til alle tilreisande få nabobygdene:
– Det kjem mykje folk, «alle» skal på Jordeplerocken. Så det vil vere smart å bestille billett på førehand!

Jordeplerock set nemleg opp nattbuss til Sogndal, Årdal, Aurland og Flåm, og opp gjennom Lærdalsdalen. Alle som bestiller billett, er sikra plass.
– Dei siste åra har me opplevd å nå taket på deltakarar under festivalen, og me har difor måtta slutta å selje billettar i døra, av omsyn til tryggleiken. Når sikkerheitsansvarleg seier stopp, må vi respektere det, forklarar Stian Offerdal Vatlestad.
– Difor anbefala me sterkt at alle sikrar seg billett på nett, seier Offerdal Vatlestad.
Datoane er 24. og 25. juni
Sjå fullt program og kjøp billett her
