ANNONSE:

Frå «dropout» til elevrådsleiar i Høyanger

Arzinio Son Dela-Cruz (21) var i ferd med å droppe ut av vidaregåande. No har han funne nytt fokus i Høyanger. En av grunnane er ein liten og inkluderande skule, der det er sjølvsagt at også jenter vel mekaniske fag.

Publisert Sist oppdatert

– På ein stor skule er det lett å hamne i eit dårleg miljø, og det er mange distraksjonar, minnest Arzinio. Den unge mannen frå Jølster er no flytta til Høyanger, for å bu nær ungen sin.

Det gjer at han har eit litt spesielt utgangspunkt for å fullføre vidaregåande opplæring. Når han no går Vg2 Industriteknologi i Høyanger, har han funne seg godt til rette:

– Lærarane tek omsyn til min situasjon. Eg blir møtt med eit smil, og dei forstår, seier Arizinio.

Og elevane har også teke vel imot den blide sunnfjordingen. I år er han valt til elevrådsleiar ved Høyanger vidaregåande skule.

God støtte frå lærarane

– Lærarane våre har masse erfaring, også frå det verkelege livet og industriproduksjon. Det gjer undervisninga interessant, meiner Arzinio.

Interessante arbeidsoppgåver: På mekaniske fag arbeider elevane mykje i verkstaden. Foto: Lidvar Berge
Interessante arbeidsoppgåver: På mekaniske fag arbeider elevane mykje i verkstaden. Foto: Lidvar Berge

Dette bidreg til at Arzinio har funne motivasjon til å arbeide med alle skulefaga – noko som sjølvsagt må til for å fullføre utdanningsløpet:

– Det er positivt miljø for fokusert arbeid i Høyanger. Det gjer at alle heng med, og at klassemiljøet blir bra, fortel han.

Tradisjon for jenter

Ein viktig grunn til det gode klassemiljøet i Høyanger, er at det langt frå er uvanleg at jenter vel mekaniske fag.

– I år er vi to jenter på Vg2, medan det på Vg1 er fire. Og dei jentene som vel mekaniske fag er ettertrakta som læringar, fortel Trine Frivik (17) .

At det for nokon framleis blir oppfatta som eit utradisjonelt val, stiller ho seg uforståande til:

– Eg hadde lyst til å gjere noko praktisk, og ville ha mange mogelegheiter. Derfor valde eg mekaniske fag, fortel ho.

– Fleire aktivitetar her

Det gode miljøet gjeld også i friminutta. Høyanger vidaregåande skule er ei kompakt eining med studiespesialiserande, helsefag, elektrofag og mekaniske fag i same bygg. Det gjer at elevgruppa blir samansett av ungdom med ulike interesser, men som likevel finn saman:

– Det er faktisk fleire aktivitetar har enn på den store skulen eg gjekk på tidlegare, og vi er mykje saman med dei som går på andre studieretningar i friminutta og på fritida, seier Arzinio.

Kantina på skulen er eit fast samlingspunkt. I tillegg har skulen innreia fleire aktivitetsrom, og dei disponerer også ein musikkbinge i samarbeid med Høyanger kommune.

Arizinio og Trine trivs i kantina ved Høyanger vidaregåande skule.
Arizinio og Trine trivs i kantina ved Høyanger vidaregåande skule.

– Spesielt no i Covid-perioden har slike samlingspunkt vore viktig for oss. Vi hatt store fordelar av å være så små grupper, og har dermed merka mindre til alle restriksjonane enn mange andre, avsluttar Arzinio.

Powered by Labrador CMS