Kraftleidningane som fraktar straum til huset ditt, er eigd av eit lokalt selskap som du ikkje kan velje bort. Styresmaktene regulerer kor mykje du må betale.
Som straumkunde betalar du for straumen til eit straumsalgselskap, og du betaler nettleige til eit nettselskap som fraktar straumen til huset ditt.
Du kan fritt velje kven du vil kjøpe frå, men ikkje nettselskap. Grunnen til dette er samfunnsøkonomisk. Det er ikkje lønnsamt for samfunnet dersom bedrifter konkurrerer om å byggje og halde ved like straumleidningar. Derfor har styresmaktene bestemt at det berre skal byggjast eitt sett med leidningar, og at nettselskapa skal ha monopol innanfor forsyningsområdet sitt.
Kan ikkje tene for mykje
Ulike lokale behov og terrengforhold gjer at nettleiga varierer geografisk. Det kostar som regel meir å halde ved like straumnett i grisgrendte strok.
Nettleiga blir regulert av Noregs energi- vassdragsdirektorat (NVE). Dei set årleg ei maksimumsgrense for kva nettselskapa kan tene, og kontrollerer at reglane blir følgde. Dersom dei tener meir enn denne grensa, må dei betale tilbake gjennom lavare nettleige til deg påfølgande år. Dersom selskapa tener mindre enn denne grensa, har dei lov til å heve rekninga for å dekkje inn tapet.
Nettleiga er todelt. Leiga er samansett av ein fast årleg sum, eit fastledd, og ein sum basert på straumforbruket, som blir kalla energiledd. Leiga finansierer vedlikehald, reparasjonar og utbygging av straumnettet. I tillegg tillèt styresmaktene at selskapa får ei rimeleg avkastning på investert kapital.
Store lokale skilnader
Ulike lokale behov og terrengforhold gjer at nettleiga varierer geografisk, jamvel om ei statleg utjamningsordning reduserer prisskilnadene. Det kostar som regel meir å halde ved like straumnett i grisgrendte strok enn i område med tett folkesetnad.
Ulike forhold som til dømes renteutvikling og lokale behov for reparasjonar får nettleiga til å variere frå år til år.
Når vi ser bort frå avgiftene, har ikkje nettleiga auka meir enn den generelle prisauken i perioden 1993 til 2015. På grunn av nødvendig opprustning av gamle kablar i sentralnettet reknar ein med at nettleiga vil stige med om lag 30 prosent fram til 2020.Det er om lag 140 nettselskap i Noreg. Det norske kraftnettet har i hovudsak norske offentlege eigarar som stat, fylkeskommunar og kommunar.
Kraftig vekst i avgifter - no over 50 prosent
Over halvparten av det du betaler i nettleige, går til staten via avgifter. 1. januar i år auka forbruksavgifta med 13 prosent, frå 14,15 øre/kWh (eksklusive merverdiavgift) til 16 øre/kWh.
For eit hushald med eit straumforbruk på 20 000 kWh/år har nettleiga auka med 600 kroner i 2016. 40 kroner av auken går til nettselskapa, medan 560 kroner går til staten via forbruksavgifta, ifølge tall fra NVE.
Det er nettleiga som har flest avgifter knytt til seg. Dersom ein slår saman straumpris og nettleige, utgjer avgiftene totalt sett 40 prosent av det ein betaler for å få straum.
Auka to gonger på eitt år. Administrerande direktør Oluf Ulseth i interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen Energi Norge er skuffa over utviklinga.
– Straumrekninga er allereie samansett av 40 prosent avgifter, og elavgifta vart sett opp to gonger berre i fjor. Det er skattlegging av klimavennleg energibruk, seier Ulseth.Halvparten av energien vi bruker i Noreg, kjem frå fossile kjelder, ifølgje Ulseth.
– Skal vi klare det grøne skiftet, må vi bruke meir fornybar energi i tida framover. Då blir auka elavgift eit heilt feil signal.
Dei siste fem åra har avgiftene auka med 40 prosent. I all hovudsak er det forbruksavgifta på elektrisk kraft som står for auken.