LED-LYS: Juletrelysa er kanskje fine å sjå på, men dei kan også forstyrre Wi Fi-signalet og julefreden.
Derfor får mange Wi Fi-problem i jula – slik kan du fikse det
Alt ifrå byggemateriale til naboens trådlause nett kan bidra til utfordringar med Wi Fi. Når me attpåtil kjører på med julelys og trådlaus elektronikk under treet, blir varierande nettdekning eit typisk problem i desember.
Alt elektrisk utstyr som sender ut trådlause signal, kan blokkere for andre trådlause signal. Dette kan for eksempel komme ifrå høgtalarar, ringeklokker eller julepynt med LED-lys.
Sistnemnte er naturleg nok svært aktuell no. Kanskje er det LED-lys i julestjerna i vindauget, dei elektriske telysa, lyslenkja i treet og i den blinkande nissen.
– Om du til dømes bruker «piratutstyr», kan du risikere at den trådlause ringeklokka utløyser brannalarmen, eller endå verre: forstyrrer Wi Fi-signalet, seier Øren.
Slik kan du unngå problemet
FORSTERK WI FI-SIGNALET: AirTies betrer nettdekninga du allereie betaler for.
Årsakene kan vere mange. Kva som er beste løysing hos deg, kjem an på kva problemet er. Årdalsnett har følgjande generelle råd for å betre signalet i heimen din:
kjøp kvalitet. Er du i tvil, spør fagfolk
plasser utstyr hensiktsmessig og rett. Ikkje sett routeren bak TV’en eller i nærleiken av andre produkt som generer forstyrringar
sjekk at produktet følgjer Norsk forskrift og har riktig frekvens. Pass spesielt på bestillingar frå utlandet
forsterkar til Wi Fi-signalet, som AirTies, kan hjelpe