ANNONSE:

Bedriftene i Årdal skal rekrutterer oppimot 600 dei neste åra

Kva er viktig for deg? Det vil vi gjerne ta ein prat om. For vi har også noko viktig å fortelje: I Årdal skal det rekrutterast mellom 300 og 600 dei komande 2-3 åra. Ein av dei kan gjerne vere deg.

Bergen/Årdal: Skal du på fjellet i påska? Alle som har budd, eller kanskje berre vore innom Indre Sogn når det byrjar å vårast, kjenner det: Det spirer nede i bygda, fjellsidene badar i sol – og du rekk fint å nyte begge deler same dagen.

Om du ikkje er kjend i Indre Sogn, eller det er lenge sidan du har budd «heimafor», er det kanskje på sin plass med ei viktig påminning også:

Å rekke mykje på éin dag gjeld sølvsagt ikkje berre påska. Om det er seinsommarturar i Jotunheimen, haustjakt, lysløypetur på Seimsåsen eller i Fardalen i januar, eller ein tur i utebassenget når juni er på sitt beste – alt dette er tett på og tilgjengeleg.

Men ingen flyttar til Sogn berre for å supe frisk luft, det gjer neppe du heller. Den viktigaste meldinga vår er at no er det verkeleg mange spanande jobbmoglegheiter i Årdal også.

Industri 4.0

Har du til dømes høyrt om Industri 4.0? Viktige stikkord er datafangst og maskinlæring. I samarbeid med SINTEF Raufoss, etablerer lokalt næringsliv no SITEP – senter for innovasjon, teknologi og prosess, med mål om at sognekommunen skal være førande i denne utviklinga.

Dette skjer i Årdal, og det viktige for deg som tenker på eiga utvikling, er at det også er store menneskelege moglegheiter her:

– Industri 4.0 krev tverrfagleg kompetanse. Ein føresetnad for å lukkast med dette, og til dømes å framleis vere leiiande på HMS og kvalitet, er å gi folk utviklingsmoglegheiter, seier Kjell Nesse, leiar i Årdal Næringssamskipnad.

Motorane «går så det grin»

Om det første du tenkjer på når du høyrer «Årdal» er «omstilling», har vi også ei viktig oppdatering til deg:

FRILUFTSLIV: I Sogn er naturen så nær at du kan nyte fjellturar både før og etter jobb i kvardagane.
FRILUFTSLIV: I Sogn er naturen så nær at du kan nyte fjellturar både før og etter jobb i kvardagane.

NorSun skal tidoble produksjonen dei kommande åra, Hydro Årdal rekrutterer jamleg folk alt i frå lærlingar via traniee-stillingar til folk med doktorgrad og erfaring, og HMR Hydeq og Impec utvidar verksemda.

Dei store industrimotororane går altså «så det grin». Noko av grunnen til den positive utviklinga er, ifølgje Kjell Nesse, kanskje nettopp dei utfordringane industrien og bygda har vore gjennom:

– Utfordringar og konkurranseutsetjing har gjort at vi finn gode og effektive løysingar, noko som gjer at mange verksemder no leverer meir utanfor Årdal enn nokon gong før, fortel han.

Dette gjeld til dømes verksemder som Kleiven Sogn og Årdal Blikkenslager Service.

Meir enn berre industri

Med den utviklinga Årdal no er inne i, er det også store moglegheiter for jobb innan kommunal sektor: Årdal Kommune treng lærarar og sjukepleiarar, og byda har også vidaregåande skule.

Næringslivet i bygda blømer dessutan innan alt frå turisme og handel – til mikrobryggeri.

JOTUNHEIMEN: Vel mellom eit mylder av 2000 meter-toppar.
JOTUNHEIMEN: Vel mellom eit mylder av 2000 meter-toppar.

For dei som tenker i andre retningar enn tradisjonell industri, er det også verdt å merke seg at den høgteknologiske industrikompetansen som ein no utviklar i Årdal, er ettertrakta i andre næringar.

Det gjeld både kjennskap til teknologi, men også fokuset på HMS og kvalitetsutvikling.

– Tradisjonelt har til dømes metallproduksjon ikkje blitt sett på som like «high-tech» som offshore-industrien. Dette er i sterk endring no. Det vi driv med, er slett ikkje noko mindre høgteknologisk enn utbyggingsprosjekta i oljeindustrien, fortel Kjell Nesse, som i tillegg til rolle i Årdal Næringssamskipnad også er områdeleiar ved Hydro Årdal.

Generasjonsskifte

Dei komande åra er Årdal også inne i eit generasjonsskifte, der fleire hundre går av med pensjon. Det gjeld alle kompetanseområde, frå operatørstillingar til stillingar innan forskning og utvikling. 

På Karrieremessa i Bergen vil til dømes Bodil Madslien, HR-spesialist innan rekruttering for Hydro i Årdal, komme i kontakt med alt frå nyutdanna til folk med familie og erfaring:

– Om folk har ein relasjon til regionen, er det ein fordel, for då er det større sjanse for at dei også etablerer seg. Men vi er interessert i å snakke med alle, for å fortelje om dei moglegheitene finst no og i tida framover.

Leiar av Årdal utvikling, Terje Laberg, oppsummerer slik:

– Den viktigaste meldinga frå oss er: Ta kontakt. Det opnar seg moglegheiter i Årdal no!

Powered by Labrador CMS