ANNONSE:

GRAVING: Kristian Heggestad og Joakim Hillestad syner korleis ei skapleg grøft er laga.
GRAVING: Kristian Heggestad og Joakim Hillestad syner korleis ei skapleg grøft er laga.

Nyheit frå Årdalsnett: «Mi side»— registrer deg og vinn iPad

For å sikre betre og kjappare kundeservice, har me no etablert «Mi side». Her vil det også verte lettare for deg som kunde, å gje tilbakemeldingar til oss.

Publisert

Det har vore stor etterspurnad på informasjon rundt fiberprosjektet og anna av det Årdalsnett held på med. Me har no etablert «Mi side», som vil gjere denne kommunikasjonen betre og kjappare. 

Me ønsker derfor at flest mogleg opprettar brukar. Dette vil forenkle utveksling av informasjon mellom kunden og Årdalsnett. Her vil det komme informasjon om bestillingar, oppdateringar på fiberprosjektet, og anna. 

I mai køyrer me konkurranse, kor me vil dele ut ein iPad til ein blant dei første som registrerer seg. (Ps: Du som allereie er registrert, er sjølvsagt med i trekninga.)

Dette er konkurransen

  1. registrer/ logg inn her: https://miside.ardalsnett.no. (Obs: du må legge inn same e-post som du registrerte då du blei kunde hos Årdalsnett. Ved problem eller spørsmål, kontakt: 57 66 44 00 / helpdesk@ardalsnett.no)
  2. Svar på desse to varsla. Velg produkt og send inn svar. Sjå skjermbileta under.
Klikk på knappen øvst i høgre hjørnet.
Klikk på knappen øvst i høgre hjørnet.

Berre dei som sender inn svar innan 28. mai er med i trekninga. Vinnar blir annonsert på ardalsnett.no

Logg deg inn eller registrer deg. Legg inn same mail som du registrerte då du blei kunde.
Logg deg inn eller registrer deg. Legg inn same mail som du registrerte då du blei kunde.

Ofte stilte spørsmål: 

Klikk deg inn på begge desse varsela, vel svar og send inn.
Klikk deg inn på begge desse varsela, vel svar og send inn.
  • Korleis og kvar skal eg grave, for å få fiber til heimen min? Grøfta inn til huset skal vere 30 cm djup og 5 cm brei. Fiberrøyret bør inn på huset i nærleiken av der modemet skal stå, som bør vere i nærleiken av TV’en. (Obs: du som får fiber via luftstrekk fram til husveggen, treng naturlegvis ikkje å grave noko.) Meir info: Sjå graveinstruks
  • Eg har ikkje anledning til å grave sjølv. Kva skal eg gjere? Dersom du ikkje har høve grave grøfta sjølv, kan graveentreprenøren gjere dette også. Eventuelt kan du avtale med andre lokale hjelparar, naboen, ungdomar eller andre. Det må imidlertid kvar enkelt husstand avtale sjølv. Meir info: Sjå graveinstruks.
  • Kvifor må eg velge WiFi-løysing no? Dette er for å få å avklare kva type modem som skal installerast hos deg. Dette sikrer meir effektiv installasjon. 
  • Kva om eg har bestilt premium, men ombestemmer meg og vil ha ei anna pakke? Etter at du har sendt inn val om WiFi-løysing, vil denne informasjonen gå til fibermontørane. Ein fibermontør vil ringe deg og avtale installasjon. Innan du får denne telefonen, kan du ombestemme deg om val av WiFi-løysing. 
  • Kva skjer om eg ikkje sender inn svar om WiFi-løysing? Då vil du få «WiFi Standard»-pakken til 0,-. Ynskjer du ei anna pakke, må du betale for ekstra arbeid og bytte av utstyr.
  • Eg har fleire TV'ar i huset, kva gjer eg då? På «Mi side» får du to val: eitt for deg som har éin TV, og eitt for deg som har fleire. Dersom du har fleire eksisterande TV-uttak i heimen, vil montørane hos Årdalsnett gjere ei omkopling. Slik får alle TV'ane signal frå fibermodemet. Dette kostar 500,-. 

Ingen WiFi — +0,-

  • Router: Nei ❌
  • 2.4 Ghz WiFi: Nei ❌
  • 5 Ghz WiFi: Nei ❌
INGEN WiFi: For deg som har eigen router og WiFi-løysing.
INGEN WiFi: For deg som har eigen router og WiFi-løysing.

Du får eit modem utan router og WiFi med utgang for TV-signal. Dette passer bra for deg som planlegger å sette opp eiga løysing for WiFi og lokalt nett.

WiFi Standard — +0,-

WiFi STANDARD: For deg som treng ei einkel løysing.
WiFi STANDARD: For deg som treng ei einkel løysing.
  • Router: Ja (4 portar) ✅
  • 2.4 Ghz WiFi: Ja (802.11n) ✅
  • 5 Ghz WiFi: Nei ❌

Standard løysing som gir deg god dekning i mindre hus og leilegheiter. Passar bra for deg som har få brukarar på nett samtidig.

WiFi PLUSS: For deg som ønsker betre WiFi i heimen.
WiFi PLUSS: For deg som ønsker betre WiFi i heimen.

WiFi Pluss — +500,-

  • Router: Ja (4 portar) ✅
  • 2.4 Ghz WiFi: Ja (802.11n) ✅
  • 5 Ghz WiFi: Ja (802.11ac) ✅
WiFi PREMIUM: For deg som ønsker stabil og god dekning i heile boligen.
WiFi PREMIUM: For deg som ønsker stabil og god dekning i heile boligen.

Utvida WiFi-løysing som gir god kapasitet og dekning for deg som har fleire brukarar på nett samtidig. Denne løysinga inkluderer nyaste WiFi-teknologi.

WiFi Premium — +500,- etablering og 69,- pr. mnd. 

  • Router: Ja (4 portar) ✅
  • 2.4 Ghz WiFi: Ja (802.11n) ✅
  • 5 Ghz WiFi: Ja (802.11ac) ✅

Gir deg like god dekning over heile boligen og nok kapasitet til fleire samtidige brukarar. Løysinga består av tre einingar som blir plassert rundt i boligen, slik at alle rom får eit komplett dekningsbilde. Samtidig får du inkludert gratis kundestøtte dersom du har problem med WiFi-einingar. (Alternativt kan du velje å kjøpe heile pakken for 3.000,-. Då betalar du ikkje 500,- eller løpande månadsbeløp på 69,-.)

Powered by Labrador CMS