ANNONSE:
Stem fram din favoritt!
– Mange heldt eit særs høgt nivå, og juryen melder at det var vanskeleg å velja ut berre ti stykkjer, seier Frank Eldegard.
Årdal: Nasjonalparkfestivalen har fått inn ei rekke flotte bidrag til fotokonkurransen. Ein jury har valt ut ti bidrag. No er det opp til deg å stemma fram din favoritt.
Dei fem bidraga med flest publikumsstemmer, vert hengt opp i Skåri sundag. Publikum på Vamp-arrangementet stemmer fram den endelege vinnaren, som blir kåra under arrangementet.
– Me fekk inn over 60 kandidatar. Mange heldt eit særs høgt nivå, og juryen melder at det var vanskeleg å velja ut berre ti stykkjer. No blir det spanande å sjå kven som hamnar i finalen. Stem i veg!, seier ein engasjert festivalleiar, Frank Eldegard.
Du kan stemma éin gong.
Stem på din favoritt