ANNONSE:

- Får eg billege skot i år òg, eller?, undrar Maia. – Ja, i heile det året du fyller 20 sponsar me skot, svarar Glenn Arne.
- Får eg billege skot i år òg, eller?, undrar Maia. – Ja, i heile det året du fyller 20 sponsar me skot, svarar Glenn Arne.

Farnes Skyttarlag: Samarbeid og god støtte gir resultat

– Det har teke seg opp dei siste tre åra. Støtta me får gir oss moglegheiter, både til å arrangera Noregs 3. største skytestemne og til å satsa kraftig på ungdomen. Glenn Arne Vie glødar av engasjement når han fortel om utviklinga i Farnes Skyttarlag.

Publisert

Maia Vetti Grøndal (19) brukar litt tid på å få på seg skyttardressen. Den er stiv, sjølv om den er skreddarsydd, for den skal gi god støtte i skytestillingane. Ho trenar to-tre gonger i veka, sjølv om ho for tida studerer i Sogndal.  

Ofte er fokuset på tekniske øvingar: pusteteknikk, timing i avtrekk og skytestilling. Målet er å finna ei ro og ein trygg rutine, og spesielt i konkurranse – ikkje bry seg verken om sidedama eller nokon andre.

Maia Vetti Grøndal (19) satsar målmedviten på skyting.
Maia Vetti Grøndal (19) satsar målmedviten på skyting.

Inne på skytebana, der alle uansett brukar høyrselsvern, blir det derfor ikkje snakka så mykje. Stillheita blir berre broten av den skarpe lyden av skot.  

Stor kontrast 

Kontrasten er stor til samlingsrommet, åtskilt med lyddempande vegg. I det gamle bomberommet i Røti er det nemleg mykje folk ein heilt vanleg torsdagseftermiddag, og praten går laust mellom gamal og ung.   

Besøkande vil òg legga merke til at fjellhallen er lys og nymåla og at dei har mykje avansert teknisk utstyr:  

– Me har fått lagt inn WLAN her, fortel Maia. – Og det er ein kjempefordel. Her inne er det jo ikkje mobildekning, men no kan me jo få kontakt med omverda via nettet.  

Alle som sit i samlingsrommet, har full oversikt over skyteresultata: Skivene, med både aktuelle treff og poengsum, blir vist via projektor på lerret, og i konkurransar blir resultata streama live på Internett.  

Skyttarar og støtteteam i samlingsrommet i Røti. Praten før og etter treninga er viktig for mange.
Skyttarar og støtteteam i samlingsrommet i Røti. Praten før og etter treninga er viktig for mange.

Årdalsnett har støtta skyttarlaget med å legge inn fiber til både Røti og opp på Mjøen. Det er heilt avgjerande for at Farnes Skyttarlag kan drive på det nivået som dei gjer no.  

Må halde høg standard 

Steinar Røyrvik prikkar inn innertiarar.
Steinar Røyrvik prikkar inn innertiarar.

– Me må ha ein viss standard for å få halde stemne. Det gjeld ikkje minst på Mjøen, der vi var 720 skyttarar under Lerum Cup, seier Maia. 

 – Ja, det er vel berre Landskyttarstemnet og Noregscupen som er større, legg Steinar Røyrvik (76) til.  

Steinar blei medlem av Farnes Skyttarlag i 1970, men hadde før den tid skote aktivt i Strandebarm. No set han pris på å møta fleire aktive skyttarar på same alder, og stiller fast på trening minst ein gong i veka.  

Sjølv har Steinar 15-16 Landskyttarstemne bak seg.  

– Det var jo spesielt i 2017. Da stilte me med 31 deltakarar på Landskyttarstemnet i Førde. Da var vi mellom dei største laga som var der, minnast Steinar.  

No er derimot ikkje konkuransar og premiar det viktigaste for han, men heller praten før og etter skytetreninga.  

Mot toppen 

Maia satsar derimot målmedvite framover. Ho var i finalen på Landsskyttarstemnet (LS) allereie som 14-åring (i 2013), og måten ho takla dei vanskelege skyteforholda på der, er framleis mellom dei beste minna hennar frå skytebana.  

Teknikktrening: stilling, pust og timing i avtrekk – slike ting trenar Maia på.
Teknikktrening: stilling, pust og timing i avtrekk – slike ting trenar Maia på.

I studietida prioriterer ho sommarjobb på Hydro framfor LS, men legg ikkje skjul på at ho har ambisjonar med skytinga etter at studietida er over:  

– Eg hugsar best når eg vinn! Men det er også veldig moro med lagskyting. Det er sosialt og utruleg spanande å sitje å følgjq med på når dei andre skyt.  

Maria blei introdusert for skyting gjennom familien. Både pappa og farfar er aktive skyttarar. Likevel har støtta frå Farnes Skyttarlag kome godt med.  

Kraftig spons av alle under 20 

Leiar i Farnes Skyttarlag: Glenn Arne Vie.
Leiar i Farnes Skyttarlag: Glenn Arne Vie.

– Alle under 20 år får jo kraftig sponsa skot, det har mykje å seia, for elles kan dette fort bli ein ganske dyr idrett å driva med, fortel ho.  

Leiar i Farnes Skyttarlag, Glenn Arne Vie, fortel at dette er ei heilt målmedviten satsing:  

– Det er viktig for oss at alle kan vera med, derfor legg me til rette for det, mellom anna med å tilby skot til 1/9 del av prisen til ungdom.  

Skyttarlaget held også skyteskule for 5.-7. klasse, der alle som vil prøve denne sporten, blir invitert med. 

Dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren. Og legg merke til bilen: Det er sjølvsagt ein Peugeot kjøpt hos Indre Sogn Bil.
Dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren. Og legg merke til bilen: Det er sjølvsagt ein Peugeot kjøpt hos Indre Sogn Bil.

Dugnad og gode sponsorar 

Spesielt utbygginga av skyteanlegget på Mjøen vitnar om samspelet mellom gode støttespelarar og eigne dugnadskrefter.  

– Vi har oppgradert kjøkkenet, fått ny omkledningsbu, og neste sesong blir det nytt toalettanlegg. Vi sette opp bygget i haust, og det skal stå ferdig til våren, fortel Glenn Arne.  

I denne samanheng trekker han fram solide økonomiske støttespelarar som mellom andre Sparebanken Sogn og Fjordane, Årdal Energi, Elektromontasje og Årdalsnett.  

Når Lerum Cup skal arrangerast, er det viktig med det gode samarbeidet med jegerane, som då stiller til dugnad. 

– Det er ein heftig logistikk: 720 skyttarar og alt utstyret som skal opp på Mjøen. Dei som kjem med bubil må parkere nede, så stiller me opp med skytteltransport opp og ned.  

«Handla lokalt» 

Dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren, ser det som ei samfunnsoppgåve å bidra til positive aktivitetar i lokalmiljøet, spesielt aktivitetar som er retta mot ungdom.  

– Vi vil at folk skal sjå verdien av å bruka ein lokal aktør som oss. Når folk handlar lokalt, blir det også ressursar i bygda som gjer slik støtte mogleg, seier Øren.

Powered by Labrador CMS