Diskusjonar om hyttestandard har lange tradisjonar. Meiningane er sterke. Hytta er for mange ein samlingsplass for familien, ein privat oase som betyr mykje, noko personleg.
Puristar vil hevde at ei hytte skal ha utedo, rett i naturen – ikkje noko plastdunk eingong. Straum? Nei, helst ikkje solcellepanel heller. Og vatn, det finn du i bekken. Om vinteren er det enda enklare – da er det jo berre å smelte snø.
Årdalsnett satsar på Filefjell: Vang kommune har knappe 1700 innbyggjerar, men 1750 hytter. Og i alle fall det siste talet stig stadig.Lidvar Berge
Enklare, ja. Stadig fleire vil ha det litt enklare. Og det andre ytterpunktet er det som er vanleg når ein byggjer nye hytter no: Å byggje dei som små hus, med til dels betre teknisk standar enn det mange har heime.
Kommunisere med omverda?
Jan Stian Smedegård er nytilsett som dagleg leiar i Årdalsnett, men kjenner verksemda godt, og er delaktig i utbygginga av fiber på Filjefjell.Lidvar Berge
Men eventuell «sjarmerande sanitærstandard», eller i kva grad ein skal oppruste eldre hytter reint byggteknisk, er ikkje spørsmålet her. Spørsmålet er om ein skal ha moglegheit til å kommunisere med omverda frå hytta. Det er eit spørsmål som er aktuelt både på Sletterust, og i fleire av hyttefelta på Filefjell.
– Så sant du har straum i hytta, er det også naturleg å tenke på Internett. Ikkje berre for underhaldning, det handlar også om kommunikasjon og tryggleik, ser Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdalsnett.
Han forklarar at i mange av hytteområda i Årdal og Vang er telefondekninga så dårleg at den ikkje er til å lite på. Og DAB-radio er ein høgst tvilsam informasjonskanal til fjells.
– Legg du inn fiber, har du eit rask, trygt og stabilt Internett. Da har du jo tilgang til alt – både telefontenester og alle verdas radiokanalar, legg Smedegård til.
Internett må på plass: – Når ein har planar om større utbyggingar, må breiband på plass. Ein ting er at hytteigerane krev det, men det er gjerne også næringsverksemder knytt til slike utbyggingar. Dei er heilt avhengige av eit raskt og stabil nett, seier Odd Øren.Lidvar Berge
Vaksne vegrar seg
Odd Øren er nyleg gått av som dagleg leiar, men er framleis aktiv i Årdalsnett. Han fortel om at fleire godt vaksne har vegra seg for å legg inn fiber på hytta.
– Enkelte tenker først at «nei, på hytta vil eg ikkje ha Internett». Så snakkar dei med ungane. Og dei vil ikkje overta om ikkje det blir lagt inn fiber …
Også om hytta ein dag skal seljast, vil det valet mange må ta no, ha noko å seie for verdien og kor lett den blir å omsetje:
Geir Kjetil Øvstetun brukar hytta meir etter at han fekk lagt inn fiber frå Årdalsnett.Lidvar Berge
– Slik som kvardagen vår er blitt, er me nær sagt avhengige av Internettforbinding. Me blir neppe mindre avhengige i tida som kjem, held Øren fram.
Strømming og solnedgang
Ein av dei som har teke valet, og hatt fiber frå Årdalsnett på hytta i rundt rekna eit og eit halvt år, er Geir Kjetil Øvstetun, rektor ved Årdal Vidaregåande skule. Alle dei fylkeskommunale tenestene han nyttar i jobben er nettbaserte:
– Med fiber kan eg gjere den same jobben på hytta som på kontoret, fortel han.
Slike stunder i hytteveggen set Geir Kjetil Øvstetun pris på. Men også mogleheita han har til å strøyme seriar når sola har gått heilt ned!Geir Kjetil Øvstetun
Spesielt om sommaren, når lærarane har avspasering, set han pris på den moglegheita. Men også utover hausten, når skuleåret rullar i gang igjen med fult køyr, brukar han hytta for å få pusterom i ein travel kvardag.
Han ser heller ingen motsetnad mellom å nyte ein stille solnedgang i hytteveggen, med moglegheita til å strømme seriar etter at mørkret har senka seg.
– Nei, for eg brukar hytta meir no når eg har fått fiber, det er eit stort framskritt, seier han.
Øvstetun har hytte ved Langleiskaret, som var mellom dei første områda der Årdalsnett la fiber. Han minnes med gru korleis moglegheitene for kommunikasjon var før det blei gjort:
Effektiv graving: – Olav O. Hæreid AS fekk gravejobben på timesbasis. Det er ikkje vanleg, men med Olav Birger går det an, me stolar på Hæreid. Og dei gjer veldig fint arbeid! Det er viktig her oppe i fjellheimen, seier Odd Øren.Olav O. Hæreid AS
– Her var det heilt elendige forhold, til om med for telefon. Fiber er noko heilt anna, meiner Geir Kjetil Øvstetun.
Kabel er best
Odd Øren fortel om bakgrunnen for den utbygginga som er gjort på Sletterust, og som no held fram på Filefjell:
– Utgangspunktet var nettopp dei dårlege dekningsforholda her. Me prøvde ut ulike løysingar, også signal gjennom lufta. Men det blir fort for ustabilt i høgfjellet, og dermed dyrt å drifte. Det kostar myke om ein må ut på snøskuter for å grave fram ein nedsnøa eller sundblåsen basestasjon, forklarar han.
Med fiberoptisk kabel i jorda er ein langt tryggare. Og spesielt sidan entreprenøren Olav O. Hæreid AS fann ein effektiv måte å grave fibergrøftene til fjells på, blei dette den valde løysinga:
– Fiberoptikk, og kombinasjonen av fiber- og koaksialkablar, er ganske enkelt dei beste teknologiane for Internett. Det gjeld over alt, men kanskje spesielt i høgfjellet, avsluttar Odd Øren.