Eg synes framleis å høyre eit svakt ekko frå den gamle garde, frå den gong eg sjølv budde heime. Industriarbeidarar som er vaksen opp med fluorsvidde fjellssider, såg ikkje akkurat føre seg Årdal som ei turistperle.
Det gjorde ikkje eg heller. I alle fall ikkje før eg byrja å reke innover fjorden igjen no i år. Men kanskje eg er litt treig i oppfatninga?
Blind biljournalist? Det tidlegare biljournalisten Lidvar Berge fekk i alle fall eit nytt blikk på heimbygda etter at han byrja å køyre litt fleire turar innover langs fjorden.Privat
Skribenten her er altså utflytta årdøl, årgang 1976. Eg har ikkje budd heime sidan midten av 90-talet. Men i det siste har eg vore ein del innafor, som innhaldsprodusent for Porten.no. Og det er blitt kjend med av satsing på turisme i heimbygda, gjer at eg – heilt frivillig – vel å stå fram som meg sjølv i denne saka.
Smaken av ei svele
Svela var god, den. Men det var alle tankane den vekte i meg, som gjorde at eg måtte skrive denne saka i eg-person.Lidvar Berge
Smaken av ei svele hjå ho Bjørg i Offerdalen vart heilt avgjerande. Der, etter å ha fått full omvising av Erling Offerdal, sette eg meg ned for «intervju». Det blei meir som ein kaffiprat. Nysteikte sveler trumfa alt av førebudde spørsmål og notativer.
For aldri har eg smakt noko liknande. Eller jo: Eg har ei liknande smaksoppleving. Det er halvliteren på Skogadalsbøen. Etter å ha gått inn dit, er det som om ein heilt vanleg fatøl frå Hansa tek opp i seg nyansar frå heile Jotunheimen.
Poenget her er ikkje kor gysla god Bjørg Steinseth er til å bake. Ho er det, men det er ei anna historie. Nei, smaken av den svela inneheldt for meg starten av industrieventyret i bygda, det store arbeidet som er lagt ned i Offerdalen dei siste åra, og den kjensla eg fekk av at årdølene no tenkjer turisme på ein heilt riktig og framtidsretta måte.
1000 kr ekstra
Bjørg Steinseth er vertinne i Indre Offerdal. "Enkel servering" smakar særs godt her!Lidvar Berge
Når Bjørg og Ivar fortel om at gjestane kjem i ei heilt eiga stemning her ute, er det lett å tru dei på det. Det er akkurat dette eg kjenner på sjølv.
– Du veit, det er fleire som synes me tek oss reint for dårleg betalt, og legg på litt ekstra. Ein kar betalte faktisk 1000 kroner meir enn me bad om for overnattinga her, fortel Ivar.
Dei har sett ein auke i talet på besøkande i år, med veker der dei har hatt over 30 overnattingar.
– Eit par frå Portugal kom igjen for tredje gong i sommar, og dei blei ei heil veke. Dei set slik pris på roa og stillheita dei finn her, seier Bjørg.
Erling Offerdal gir skribenten for Årdal Utvikling full omvisning - her i mølla.Lidvar Berge
Sag på gang, mølla neste
Det ikkje så mange veit, kanskje ikkje eingong alle årdøler, er at industriell bruk av vasskraft i bygda starta i Offerdalen allereie på 1600-talet – då var det to sager i Indre Offerdal. Sagbruket med tilgang på den rettvaksne furuskogen oppe i dalen, var god butikk, og på slutten av 1800-talet blei det installert mølle i tillegg til sagbruket.
Det er allereie gjort eit stort arbeid for å rette opp bygget som husar saga i forkant. Dei neste åra vil det bli arbeida for å få i gang både saga og mølla, i regi av Riksantikvaren.
– Tenk om me kan tilby turistane ein sjølvsaga liten plankebit eller kanskje en pose med sjølvmala mjøl. Det hadde vore moro, seier Erling.
Genialt konsept: Torunn Todal Laberg og ektemannen tilbyr turar dei gjerne vil ta sjølve gjennom firmaet Bulder & Brak Opplevingar.Bulder og Brak
Men det dei tilbyr i dag, er ikkje så reint lite det heller: sju rom med 15 senger og «enkel servering», som det heiter i Visit Norway-presentasjonen, men det er også poenget: Ei enkel svele smakar noko heilt spesielt i slike omgjevnader.
Vatnet bind saman
– Vasskraft er eit gjennomgåande stikkord for Årdal, heile vegen frå Offerdalen til Vettisfossen, seier Torunn Todal Laberg, som driv aktivitetsfirmaet Bulder & Brak Opplevingar. Konseptet for verksemda er kort fortalt å arrangere turar som ho og ektemannen gjerne vil dra på sjølve.
Dei arrangerer mellom anna kajakkurs og naturbaserte opplevingar, også med utgangspunkt i Offerdalen.
– Me er kanskje ikkje så mange aktørar innan turisme i Årdal, men dei som er her, samarbeider. Me snakkar godt i lag. Når ein av oss får ein førespurnad, blir gjerne fleire dregne med, fortel Todal Laberg.
Når den gamle skyssbåten Tya kjem i regulær drift i regi av Sjøfronten AS, vil det til dømes vere naturleg å tilby skyss ut til Offerdalen sjøvegen også.
Turistar i kajakk på Årdalsfjorden, i regi av Bulder & Brak Opplevingar. Aktivitetsleiar Lars-Kristian Fauske er nr. 4 frå høgre.Bulder og Brak
– Når enkeltpersonar som brenn for noko, kjem i lag, skjer det noko. Og me har mange som brenn for noko i Årdal; folk som er villige til å investere tid i noko som er ein fordel for fellesskapen. Alt frå Målrock til Folkevegen til Vetti kan vere døme på det, og no opplever me det same innan turisme. No byrjar me å sjå resultata av den satsinga som er gjort, forklarar ho.
Eit synleg døme på både samarbeid og det som spirer og gror innan turisme i Årdal, er informasjonsportalen www.vettisriket.no.
Rekordår i 2019
Bulder & Brak Opplevingar har opplevd auka omsetnad år for år, og Klingenberg Hotell, ein av motorane bak Vettisriket, kan også rapportere om rekordtal på turistar i 2019. Torunn Todal Laberg har klåre meiningar om kva som er riktig veg vidare:
Terje Laberg, dagleg leiar av Årdal UtviklingPressefoto
– Det handlar ikkje berre om volum, Årdal treng ikkje bli noko nytt Flåm. Me må heller fokusera på å få dei riktige gjestane. Dei kjem gjerne i mindre grupper, men dei vil vere her i fleire dagar, og dei deltek på aktivitetar når dei er her, seier ho.
– Det er dessutan lurt å reindyrke det som er unikt for Årdal. Me har industri i verdsklasse, med grøn profil, og vern av natur har lange tradisjonar. Vettisfossen blei til dømes verna i 1924! Hjå oss går altså vern og verdsleiande industri hand i hand, held ho fram.
Knallhard jobbing frå Årdal Utvikling
Årdal Utvikling har vore med og tilrettelagt for den oppblomstringa innan turismen som me no ser. Næringssjef Terje Laberg seier dette om strategien bak satsinga:
– Mange kjempar for kjempedyre fyrtårnprosjekt som gondolbaner og liknande. Me søker heller etter små, lågthengande frukt.
Både utviklinga av Offerdalen, Svalheim, Avdalen og Vetti er døme på dette. Det er ikkje snakk om store, prangande nybygg her, akkurat, men å leggje til rette for autentiske opplevingar i eksisterande historiske bygg.
Dei seinare åra har store TV-produksjonar som Sommeråpent og 71-grader Nord gitt desse stadene verdfull merksemd. TV 2 har i skrivande stund ein produksjon frå Offerdalen på veg, og kanskje kjem Farmen til Årdal ein gong òg?
Tilfeldig? Nei, Terje Laberg innrømmer at det ligg knallhard jobbing bak å få til dette.
I tillegg er det ei satsing nettopp på nybygg også. Sjøfronten byrjar å ta form, og Årdal Utvikling ser allereie vidare.
– Neste store prosjekt blir å få på plass Industrimuseet. På Raufoss har dei 60 000 besøkande kvart år, og vi har ei minst like spanande industrihistorie, meiner Laberg.
Wikipedia stadfestar
Når til og med Wikipedia-artikkelen om Årdal (rett nok i bokmålsversjon) skriv om utviklinga frå einsidig industri til turistkommune, må eg innrømme: Eg har nok vore litt treig, ja, og inntil nyleg, også vore altfor lite heimom. Det må bli meir framover!