ANNONSE:

PROGRAMMERING: Linda Nordheim og Cecilie Holst 'leikar seg' med den nye øvingsfabrikken til SITEP
PROGRAMMERING: Linda Nordheim og Cecilie Holst "leikar seg" med den nye øvingsfabrikken til SITEP

SITEP: No er vi i gang!

Storsatsinga SITEP skal med utgangspunkt i Sogn nytte internasjonale nettverk for å utvikle Industri 4.0. Men veit du eigenleg kva dei held på med? Vi tek ein prat med Linda Nordheim, Cecilie Holst og Frank Øvstetun.

Publisert

Unge Frank Øvstetun sit på golvet, midt i eit lass med Lego-klossar. Han rotar og leitar, og får idear ut frå det han finn. Slike store hjul? Då vil eg prøve å bygge ein strandbuggy! Desse raude klossane kan fungere som spoiler – det kan jo bli til ein racerbil!

Stadig nye sett med trinn-for-trinn-teikningar var ikkje kvardagskost den gongen. Det gjaldt å raske saman det som fanst av gamle, knuste sett i ein stor klossedunge – og finne på noko sjølv! 

Legobygging: Frank Øvstetun var ein ivrig legobyggjar i unge år. No legg han til rette for at elevar og industritilsette skal få ein arena for utforsking og utvikling – SITEP.
Legobygging: Frank Øvstetun var ein ivrig legobyggjar i unge år. No legg han til rette for at elevar og industritilsette skal få ein arena for utforsking og utvikling – SITEP.

Det gjekk mykje i bilbygging. Etter kvart som Frank blei ein litt større gutetrave, avanserte han legobyggverka med å bruke elektromotorar han skrudde ut frå øydelagde kassettspelarar og med syltestrikkar frå noregsglasa til mora som drivreim. 

– Eg starta tidleg, ja, og spesielt alt av elektro interesserte meg, minnest Frank.

Siktar mot Teknologiparken

No er interessa retta mot den nye øvingsfabrikken i dei foreløpige SITEP-lokala over Kiwi-butikken i Øvre Årdal.

– Vi skal inn i heilt nytt bygg på sikt, i den planlagde Teknologiparken. Men det blir vel truleg først hausten 2020, seier Frank.

Her skal dei samarbeide med både skuleverk og industri, og drive med opplærings- og utviklingsarbeid innan industri 4.0 og LEAN. Om du er usikker på kva desse «stammeomgrepa» betyr, kjem vi attende til det litt seinare.

Nye tilsette

Med seg på laget har Frank  no også fått Linda Nordheim og Cecilie Holst, som begge er fagpersonar innan nettopp desse områda.

Likevel kan det synast som om legobygging kan ha vore eit tema i jobbintervjua. Begge dei to nytilsette i SITEP var nemleg ivrige brukarar av dei danske byggeklossane i ung alder, akkurat som Frank.

I samarbeid med Sitep, har elevar frå Årdal vidaregåande skule utvikla ein raskare og meir nøyaktig løysing for korleis ein kan analysere ein jernstavar hos Hydro.

Linda Nordheim byrja i SITEP omtrent samtidig med at den tyske leverandøren kom for å levere øvingsfabrikken. Vi møter henne i ivrig utprøving av dei ulike funksjonane, sidan ho i morgon skal til Gjøvik og samarbeidspartnar NTNU der. Då gjeld det å ha ha funne flest mogleg spørsmål.

Dottera nektar å få hjelp

Utan å vite om praten vi hadde hatt med Frank litt tidlegare, kjem det spontant frå Linda:

Linda Nordheim har permisjon frå jobben som lærar ved Årdal vidaregåande skule for å utarbeide tilbodet til SITEP.
Linda Nordheim har permisjon frå jobben som lærar ved Årdal vidaregåande skule for å utarbeide tilbodet til SITEP.

– Detta e jo som å bygge Lego!

Så fortel ho ei lita historie om dottera Mia. Ho vart nemleg også tidleg ein ivrig legobyggar, men problemet var berre at mamma også var ein svært ivrig hjelpar. Då fekk Linda grei beskjed: «Mamma skulle ikkje bygge!»

– Vi måtte rett og slett ha kvart vårt byggesett, forklarar Linda.

Kjøpte du ekstra sett til deg sjølv, altså?

– Nei, eg fann fram dei gamle setta hennar, og bygde dei på nytt. Det er smart å ta vare på teikningane, veit du…

Algoritmisk tenking

Den eine arbeidsstasjonen er ein robot. For nei, industrirobotar har ikkje to armar, bein og auge. Dei har som regel berre ein arm. Men den har avanserte rørslemoglegheiter, og kan programmerast til å utføre svært eksakte arbeidsoperasjonar.
Den eine arbeidsstasjonen er ein robot. For nei, industrirobotar har ikkje to armar, bein og auge. Dei har som regel berre ein arm. Men den har avanserte rørslemoglegheiter, og kan programmerast til å utføre svært eksakte arbeidsoperasjonar.

For å kunne programmere produksjonslinjer må ein, akkurat som i Lego-bygging, vere god på det som på fint heiter «algoritmisk tenking». Det handlar om å bryte komplekse problem ned til mindre delproblem, og å finne logiske «oppskrifter» (algroritmar) for å løyse desse.

Og akkurat det trivest Linda heilt tydeleg med. No har ho permisjon frå lærarjobben ved Årdal vidaregåande skule, og gir altså frivillig avkall på lærarferien for å få øvingsfabrikken til SITEP så funksjonell som mogleg i løpet av sommaren. 

– Dei første elevane har no vore innom her, det var faktisk ein heil gjeng frå elektroklassen her i formiddag, og frå august skal vi vere i full drift, seier Linda.

Planane for kva elevane skal kunne lære i samarbeid med SITEP er allereie klare:

Cecilie Holst har lært LEAN-tankegang både frå industrigolv og høgskule. No skal ho ta dette vidare i SITEP.
Cecilie Holst har lært LEAN-tankegang både frå industrigolv og høgskule. No skal ho ta dette vidare i SITEP.

– Her kan elevane bli kjende med prosessar, alle sensorane, og gjere manuell programmering. Det er PLS-styring i alle modulane, så for VG3-elevane er det mogleg å ta ut ein modul og la dei programmere den på nytt, forklarar Linda.

Utdanna i LEAN

Med bakgrunn frå både Hydro og Norsun, har Cecilie Holst fått inn industrierfaring og LEAN-tankegang frå grunnen av. Spørsmålet er kvifor ho ville byrje hjå SITEP?

– Eg ville prøve noko nytt og spanande, og spesielt at det var ei eiga LEAN-stilling syntest eg var interessant, forklarar Cecilie.

Ein «Robotino» eller AGV (Automated Guided Vehicle) transporterer produkta i øvingsfabrikken mellom dei ulike stasjonane. Å programmere denne, er ei oppgåve som elevane på VGS kan få jobbe med.
Ein «Robotino» eller AGV (Automated Guided Vehicle) transporterer produkta i øvingsfabrikken mellom dei ulike stasjonane. Å programmere denne, er ei oppgåve som elevane på VGS kan få jobbe med.

Ho er nemleg ein av få som er utdanna innan denne produksjonsfilosofien. For å forklare tankegangen fullt ut må ein truleg ty til læreverk på universitetsnivå, men Cecilie leverer ein imponerande kortversjon på ståande fot:

Kva er LEAN?

– LEAN betyr jo «mager» på engelsk, og det handlar i grunnen om å kutte bort alt som er overflødig. Og dei som arbeider med prosessane, er dei beste til å finne forbetringsområda. LEAN handlar altså om ein forbetringskultur nedanifrå, rett og slett om å setje kunnskapen frå «golvet» i system.

Føresetnaden er at alle involverte operatørar har ei forståing for denne måten å arbeide på, og blir tildelt ansvar deretter. Med SITEP ser Cecilie moglegheita til å få inn denne tankegangen tidleg:

– Gjennom oss får elevane kjennskap til LEAN før dei skal ut i jobb. For bedrifter kan dette vere ein «trygg» plass å starte eit samarbeid og drive med erfaringsutveksling. For her er det ingen bedriftshemmelegheiter, her handlar det om å dele erfaringar som gjer arbeidsprosessane meir effektive.

Nettopp samarbeidet med bedrifter blir eit viktig satsingsområde for SITEP framover.

– I tillegg til øvingsfabrikken, der også industrioperatørar kan trene på Industri 4.0, tek vi sikte på å tilby LEAN-tenester til bedrifter, seier Cecilie.

Den avanserte øvingsfabrikken er no installert og fullt operativ.
Den avanserte øvingsfabrikken er no installert og fullt operativ.

Teori og praksis

For å lukkast med denne satsinga har ein altså satsa på folk med solid erfaring og kompetanse, men personar som er ulike, med kompetanse som utfyller kvarandre:

 – Frank har jo mastergrad, han har mykje meir teoretisk kunnskap enn det eg har, eg har meir den praktiske delen. Eg jobba jo som automatikar før eg byrja som lærar, skyt Linda inn.

Den teoretiske tilnærminga sende Frank frå ei utdanning innan teknisk kybernetikk ved gamle NTH (no: NTNU) til Teknologisenteret til Hydro, der han arbeidde i 14 år.

– Der jobba eg med forsking og utvikling, spesielt med simulering av magnetfelt. Det er kanskje litt teoretisk, ja, innrømmer Frank.

Nei, simulering av magnetfelt er ikkje litt teoretisk – det er veldig teoretisk. Men dei siste åra har Frank vore tilsett hjå Norsun, der han hadde ei rolle han beskriv som mykje meir «hands-on»-ingeniør. 

Jobben hjå Norsun passa godt til miljøengasjementet til Frank (og ja – han køyrer Tesla!). Han var nemleg ikkje berre oppteken av legoklossar og elektromotorar som gutunge; også natur, miljø og dyr har vore viktig for han sidan den gong.

– Det kan fort bli litt detaljert for oss teknologar, ein blir fort opphengt i detaljar. Då er det sunt med andre interesser ved sidan av jobben. Så der er vi tre litt like, tur eg – vi kan sjå litt breiare på ting, fortel Frank.

Nettverk er viktig

I ei verd der alt blir stadig meir avansert og spesialisert, er det nærast meiningslaust å ta sikte på å kunne alt sjølv. Ein må vere open på det ein ikkje kan, og heller ha eit nettverk med den ekspertisen ein treng på ulike spesialområde.

– Skal ein lage den ypparste teknologien, må ein søke kompetanse globalt. Om det er Sogndal eller Silicon Valley er ikkje viktig – det viktigaste er å vite kva du finn kor, seier Frank.

SITEP har eit godt utgangspunkt, for dei har kontaktar i SINTEF, NTNU-miljøet og også i universitetsmiljø utanfor Noreg.

– Når vi presenterer SITEP i desse miljøa, er dei veldig interesserte, kanskje nettopp fordi me ikkje er eit reint universitetsmiljø. Universiteta ønskjer jo ein kanal inn mot industrien. Målet vårt er ikkje berre å vere ein slik kanal, men å vere ein katapult mellom teori og praksis, som kastar god forsking og gode idear begge vegar, avsluttar Frank.

Powered by Labrador CMS