ANNONSE:

Samhald, vakkert samspel og god støtte sikra opprykk

Truls og Kjetil var klare på ambisjonane allereie då me møtte dei i august. No kan me endeleg fortelje historia som sikra opprykk for Årdal FK i år – og kva me tenkjer om neste år.

– Høgdepunktet? For min del? … Det var faktisk den første kampen i år, borte mot Studentspretten, seier Jan Kåre Stedje, hjelpetrenar for Årdal FK.

Han forklarar at Studentspretten er eit godt lag, noko dei var klar over frå tidlegare møte. Då Årdal FK leverte ein så solid prestasjon med 0-2-siger, stadfesta det nivået som laget hadde inne. Dette la føringar for heile sesongen.  

Stedje har vore ein fast pilar i fotballmiljøet i Årdal i ein mannsalder, dei siste åra som assistent for hovudtrenar Ivan Øy. Dei har vore eit radarpar, både med ein særs god tone seg imellom, men også i den forstand at dei har vore veldig samstemte om spelestilen.

Radarpar: Ivan Øy og Jan Kåre Stedje har leia Årdal FK til opprykk: – Ivan har ein helt rå entusiasme for fotball, det er inspirerande å jobba i lag med, seier Jan Kåre Stedje. Og Ivan kvitterer på tilsvarande vis – den gode tonen dei imellom er truleg også ein del av forklaringa på årets suksess.
Radarpar: Ivan Øy og Jan Kåre Stedje har leia Årdal FK til opprykk: – Ivan har ein helt rå entusiasme for fotball, det er inspirerande å jobba i lag med, seier Jan Kåre Stedje. Og Ivan kvitterer på tilsvarande vis – den gode tonen dei imellom er truleg også ein del av forklaringa på årets suksess.

– Og i år har me hatt spelartypane og stallen til å spele fotball slik me likar det, fortel Jan Kåre.

Braut sund «bussen»

Det vil seie leiken og teknisk fortball, og kanskje meir og meir tid med ball i laget.

– I år opplevde me stadig vekk at motstandarane «parkerte bussen» framfor eigen 16-meter, og var mest oppteken av å måke langt og håpe på dødballar. Dei var ei ny oppleving for oss. Men at me klarte den omstillinga og utfordringa, er også noko av det som verkeleg gledde meg i årets sesong.  

Ballkontroll: Årdal FK har spela underhaldande, ja, mange vil seie beint ut vakker fotball i år, og vunne 20 av 22 kampar (heilt fortent også, ifølgje Jan Kåre Stedje). Her berre representert av Truls Hovland og Kjetil Karlsen, sidan mange av dei andre nøkkelspelarane hadde eigentrening akkurat den dagen Årdalsnett var innom.
Ballkontroll: Årdal FK har spela underhaldande, ja, mange vil seie beint ut vakker fotball i år, og vunne 20 av 22 kampar (heilt fortent også, ifølgje Jan Kåre Stedje). Her berre representert av Truls Hovland og Kjetil Karlsen, sidan mange av dei andre nøkkelspelarane hadde eigentrening akkurat den dagen Årdalsnett var innom.

Ivan Øy fortel at dei som trenarar, har hatt ein vært god dialog med spelargruppa og flytta ambisjonslista etter kvart som resultata rulla inn.

– Før sesongen sette me oss ned med spelarane og diskuterte korleis me skulle løysa oppgåva i år. Alle var einige om at spel midt på tabellen i 4. divisjon, der resultata strengt tatt ikkje betyr så mykje, ikkje var interessant.

– Men korleis skulle me gjera dette? Her var spelarane sterkt delaktige. Det, saman med at me heile vegen har evaluert innsatsen opp mot det me blei einige om, trur eg er viktige forklaringar bak årets prestasjonar, seier Øy.

Ein skadefri Truls Hovland i 4. divisjon vil vera som å sleppa ein sværa rev inn i eit hønsehus.

Ivan Øy

Idé frå i vår

Ideen til å skriva ei «bakom»-sak om 2019-utgåva av Årdal FK kom snikande utpå våren ein gong. Då Kretstsligaen tok sommarferie, var vi sikre: Sjølv om det ikkje skulle bli opprykk i år, var det så mykje positivt på gang at me synest det er ei historie å fortelje her.

«Me» i denne samanhengen er Årdalsnett, ein av dei stolte sponsorane til Årdal FK. Vår utsendte skribent var innom treninga på Jotun Stadion dagen etter slitesigeren heime mot Studentspretten, få dagar før bortetapet mot Førde.

Men det som inspirerte oss til å ville gjere denne saka, uansett utfall ved sesongslutt, var ei kjensle av at samhaldet i bygda igjen byrja å gi resultat, også på fotballbana.

– Ein driv senioridrett for å vinna. Ein må ha noko å kjempa for. Det gjeld både spelarar, trenarar og publikum, seier Geir Kjetil Øvstetun.
– Ein driv senioridrett for å vinna. Ein må ha noko å kjempa for. Det gjeld både spelarar, trenarar og publikum, seier Geir Kjetil Øvstetun.

15 år berg-og-dalbane

Samlinga av årdalsfotballen på seniornivå har femten år bak seg no. Toppen var året i 2. divisjon, trass at det blei nedrykk frå ein heiderleg 8. plass (omlegging av seriesystemet). Etter den siste omlegginga (og dermed også nedrykket), har det vore tre tunge år med varierande spelarstall – og resultat.

Leiar i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun, er likevel klar på at avgjerda om å slå saman A-laga frå Øvre og Årdalstangen den gong, var heilt riktig:

– Me må tenka samling, det meiner eg er det einaste rette for idretten på seniornivå.

Han peikar på at både kampen om sponsorkronene og rekrutteringsgrunnlaget tilseier det:

– Det er langt færre i kulla no enn då eg vaks opp. Heldigvis er det blitt betre vegsamband gjennom fjell og over fjord, slik at me kan styrka laget på den måten.

Han siktar til at Årdal FK legg til rette for spelarar som studerer i Bergen, og at fleire av dei markante profilane på laget no har tilhald utanbygds – ikkje minst i Lærdal.

– Drit i kor spelarane kjem frå

Nostalgikarar som meiner at «alt var betre før», og framleis fyrer oppunder gamal Øvre-mot-tangen-kjekling, får klar melding frå hjelpetrenar Jan Kåre Stedje:

– Spelarane drit i kor dei kjem frå, dei vil spele med dei beste. Skulle me ha teke ut laget til dømes 50/50 frå Øvre og Årdalstangen? Dei ville ha protestert!

Stedje meiner også at det nivået som laget er på no, er det høgaste som har vore i årdalsfotballen, i alle fall i moderne tid:

– Den tredjedivisjonen me no skal opp i, er ein halv divisjon høgare enn den gamle andredivisjonen, basert på talet på lag over oss i seriesystemet, forklarar han.

Toppskårarblikket: Fotball er ikkje berre ballfølelse og rå fysikk, veldig mykje sit også i hovudet, noko Truls Hovland er eit døme på. Han fortel at han brukar mykje tid på å analysere spel på høgare nivå.
Toppskårarblikket: Fotball er ikkje berre ballfølelse og rå fysikk, veldig mykje sit også i hovudet, noko Truls Hovland er eit døme på. Han fortel at han brukar mykje tid på å analysere spel på høgare nivå.

Sværa rev inn i eit hønsehus

To som viser dette i praksis er Truls Hovland (tanging) og Kjetil Karlsen (øvring), som begge gjorde comeback i Årdal FK til 2019-sesongen.

Heilt sidan returen frå Lysekloster har Hovland vore klar på ambisjonane:

Gir seg på topp: Etter å ha vore med på å sikre opprykk for Årdal FK, blir Kjetil Karlsen no fotballpensjonist. Årdalsnett vil takke han, trenarteamet, og eventuelt andre som også vel å gi seg, for innsatsen!
Gir seg på topp: Etter å ha vore med på å sikre opprykk for Årdal FK, blir Kjetil Karlsen no fotballpensjonist. Årdalsnett vil takke han, trenarteamet, og eventuelt andre som også vel å gi seg, for innsatsen!

– Eg kom ikkje heim for å didla. Årdal FK har gode nok spelarar til å rykke opp, sa Truls til Årdalsnett allereie i august.

Men Truls kom som kjent også heim for å få kontroll på skadeproblema. Det har i fungert, kan ein trygt seie. Med 37 mål – klar toppskårar i Kretsligaen – har han i praksis blitt akkurat det trenar Ivan Øy sa i samband med returen i 2017: «Ein skadefri Truls Hovland i 4. divisjon vil vera som å sleppa ein sværa rev inn i eit hønsehus».

Sjølv har ikkje Truls kjent det heilt slik. Han har også i år vore ein del plaga av hamstringen, men tek det som eventuelt manglar litt i på absolutt fysisk toppform igjen med eit skarpt blikk for spelet.

Seriøs forsvarskjempe

Men også forsvarskjempa Karlsen var tydeleg på at det er seriøs satsing som gjeld, for at han som småbarnsfar igjen skulle prioritera fotballsatsing:

– Årdalsnett har betalt bonus per mål, så det har vorte ein dyr sesong, spesielt 16-2-sigeren mot Florø 2. Men det har heilt klart vore verdt det, for dette har vore moro å vera med på, fortel Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett.
– Årdalsnett har betalt bonus per mål, så det har vorte ein dyr sesong, spesielt 16-2-sigeren mot Florø 2. Men det har heilt klart vore verdt det, for dette har vore moro å vera med på, fortel Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett.

– Når eg brukar fem til seks dagar i veka på fotball, må det også vera seriøst, ikkje noko halvveges, seier Kjetil.

Han skryt av god støtte heimanifrå for å kunne vie seg til fotballen på denne måten, noko han på ingen måte er aleine om. Alt frå vask av sure treningsklede til kakebaking og kioskteneste, er noko av det som får klubbmaskineriet til å gå rundt.

Sosial møteplass

Dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren, er mellom dei som pleier å vera på Jotun stadion så sant han har høve:

– Det er ein sosial møteplass, som blir ekstra triveleg om ein er glad i fotball. Fleire burde få med seg atmosfæra på heimekampane, meiner han.

Han synest også det er stas å sjå heile apparatet rundt laget på nært hald, frå trenarteam og oppmenn til frivillige i nettopp kiosken.

Dette samhaldet er det viktig for Årdalsnett å støtta opp om:

– Når Årdølene kjøper TV- og Internett-tenester frå Årdalsnett, gjev det oss også moglegheit til å gje noko tilbake.

Det største spranget?

Med opprykk til 3. divisjon blir det heile gira opp eit solid hakk – dette er kanskje det største spranget i heile seriesystemet.

Det gjer at til dømes Kjetil Karlsen kjenner både på kropp og familiesituasjon at nok er nok, og han gir seg på topp med godt samvit.

Det gjer også trenarduoen Ivan Øy og Jan Kåre Stedje.

– No skal me no først feira årets kanonsesong, før me byrjar å sjå etter forsterkingar, seier Geir Kjetil Øvstetun.

– Økonomisk meiner eg me skal få dette på plass, med dei solide støttespelarane me har med på laget, held han fram.

– Ja, me i Årdalsnett er heilt klart med på å støtta Årdal FK i 3. divisjon, seier Odd Øren.

Powered by Labrador CMS