ANNONSE:
Digital 1. mai – sjå sendinga med lokale helsingar og musikkinnslag
– Me har avlyst den tradisjonelle markeringa, men me har ikkje avlyst dagen, fortel Siv Aspeseter i LO i Årdal. Sjå sendinga deira i spelaren ovanfor.
Siv Aspeseter, styreleiar i LO i Årdal, innleiar sendinga med følgjande:
For å bidra i den nasjonale dugnaden og følgja smittevernsreglar, har LO i Årdal avlyst den tradisjonelle markeringa av 1. mai.
1. mai er ein viktig dag for oss, der me får mogleggheit til å hylla rallaren, som gjennom enkle kår og tunge arbeidsforhold bana veg for den velferda me faktisk har i dag.
Me har avlyst den tradisjonelle markeringa, men me har ikkje avlyst dagen. Me vil framleis markera dagen med appell og talar, men me gjere dette digitalt.
Med ei regjering som absolutt fortener fagrørsla sitt søkelys og protestar på dei usosiale inngrepa i folk sin kvardag og økonomi, er det viktigare enn nokonsinne å få synleggjort våre krav og synspunkt.
Me må i dag minna kvarandre på kor viktig det er å ha eit godt organisert arbeidsliv, ein sterk offentleg sektor med gode utbygde helseordningar, gode opplæringsvilkår for born og unge, samt eit godt sosialt sikkerheitsnett.
1. mai er arbeidarbevegelsen sin internasjonale kamp- og demonstrasjonsdag. I år er hovudparolen tryggleik for helse og arbeid. Dette er meir relevant enn nokonsinne.Gratulerer så mykje med dagen, alle saman! Nyt dagen og ta vare på kvarandre.
Meir frå talen til Aspeseter - og bidrag frå ei rekkje andre - ser du i sendinga over. Sendinga ser du også på Porten-TV, den lokale TV-kanalen via Årdalsnett.