Tilsvarande hastigheit som fiber – med betre TV-signar
STOLT SPONSOR: Årdalsnett er stolt hovudsponsor av festivalen Jordeplerock.jordeplerock.no.
Årdalsnett har gjennom fleire år bygd ut godt fungerande HFC-nett med leveranse av breiband- og TV-tenester. HFC står for Hybrid Fiber Coax, som betyr at det kombinerer fiber og koaks på ein optimal måte. Fiberen blir lagt fram til sentrale punkt, og det siste stykket inn til bustaden er koakskabel.
HFC kan i dag levere tilsvarande kapasitet som fiber, og det er ein betre teknologi med tanke på TV-signal.
Med T-We-dekodar frå Telenor, får du tilgang til Norges mest innhaldsrike TV-produkt.
T-We: kombiner TV og strøyming
Årdalsnett leverer digital-TV med Telenor sin T-We-grunnpakke. TV-pakken er poengbasert: Det vil seie at du får ei basispakke med kanalar, i tillegg til 100 poeng som du bruker på å velja TV- og strøymetenester. Med T-We App får du tilgang til TV og strøyming på Apple TV, mobil og nettbrett.
Sjå det du vil når du vil, kvar du vil. Oversikt over kanalane og strøymeinnhald finn du her.
Kva treng du for å få inn kanalar?
Dekodar eller CAM/kortlesar frå Telenor (Årdalsnett har nokre av dette på lager)
TV-abonnent hjå Årdalsnett
T-We dekodar:
Inntil 3 samtidige opptak (T-We Boks II med opptakar)
Inntil 200 timar lagringskapasitet I HD kvalitet (T-We Boks II med opptakar)
Tilgang til innhaldsrike TV-arkiv (boksen krev internettilkopling)
Støttar 4K og HDR bildekvalitet
Pause og spole i program
Starte program frå begynnelsen (boksen krev internettilkopling)
Oppladbar fjernkontroll
NRK-appane, Netflix og Youtube rett på TV-en (krev internettilkopling, og Netflix krev eige abonnement)
Talesøk
CAM/KORTLESAR: Med CAM/Kortlesar har ein ikkje TV-boks, men ein kortlesar rett i TV-en. Det gir deg moglegheit til å sjå digital-TV utan ekstra boks og fjernkontroll. Dersom du ønsker å ha kortlesar rett i TV-en, må du ha ein modell som støttar denne funksjonen.
Produkt
Eingongspris
Månadsleige
CAM/Kortlesar
490,-
25,-
Dekodar (T-We Boks II) utan opptakar
99,-
Dekodar (T-We Boks II) med opptakar
129,-
WiFi premium: optimaliser dekninga
Ønsker du utvida dekningsområdet? Årdalsnett kan tilby WiFi Premium, som er eit smart mesh-nettverk som blir brukt for å optimalisera nettdekninga i heile bustaden din.
Nettverket består av Airties (trådlause aksesspunkt) som blir plassert rundt i bustaden, slik at alle rom får eit komplett dekningsbilete. Ein Airties blir kopla til modemet med ein nettverkskabel, og resten blir sett ut i bustaden der dekninga ikkje er optimal. Desse opptrer med same SSID/nettverksnamn og passord. Du kan bevega deg rundt på bustaden din utan å merka at mobilen eller nettbrettet ditt skiftar tilgangspunkt. Du vil alltid ver kopla til der du får den beste ytinga.