ANNONSE:

Her blir det liv! I alle fall om vedtak om finansiering av signalbygget «Fjord til Fjell» kjem på plass.
Her blir det liv! I alle fall om vedtak om finansiering av signalbygget «Fjord til Fjell» kjem på plass.

Utkast til Sjøfronten er klart – finn ein feil!

Dei første arkitektskissene til Sjøfronten er klare. Men ein viktig ting manglar …

Publisert

– For to år sidan såg det ut som Murmansk nedom Klingenberg! Utbrotet kjem frå Anne Kathrin L. Hæreid. Ho er styreleiar i Sjøfronten AS, men viktigare er kanskje at ho er ein av drivkreftene i mykje av det som skjer i bygda, spesielt i «den delen av Årdal som tilfeldigvis ligg ved sjøen»* 

– Sjøfronten er organisert som eit AS, men her blir det ikkje teke ut noko utbytte, akkurat. Det handlar heller om ein heil del dugnadsinnsats, både frå privatpersonar, næringslivet og oss i styret, seier Anne Kathrin.

Anne Kathrin L. Hæreid styrer ikkje Tya i bokstavleg forstand – ho har slett ikkje skipsførarbevis. Men elles har ho ei viktig hand med i mykje av det som skjer i bygda, og da spesielt Sjøfronten.
Anne Kathrin L. Hæreid styrer ikkje Tya i bokstavleg forstand – ho har slett ikkje skipsførarbevis. Men elles har ho ei viktig hand med i mykje av det som skjer i bygda, og da spesielt Sjøfronten.

Og mykje er skjedd med «Murmansk» i løpet av dei to siste åra. Årdal kommune har stått for den heilt nødvendige oppgraderinga av Piren, medan  Meierihopen og gjestebåthamna har fått eit kjempeløft, mykje takka være eit unikt samspel:

Unikt samarbeid

Eldsjeler og næringslivet i bygda har nemleg jobba saman på dugnad – rett nok med drahjelp frå Årdal Utvikling og næringsfondet – for å få på plass det vi ser i dag.

Det neste store steget i utviklinga av Sjøfronten blir å få reist signalbygget «Frå Fjord til Fjell» (sjå hovudillustrasjon)

Det førre store steget var «feilen» i arkitektskissa: Der manglar jo Tya!  

«Gløymt» i arkitektskissa: Den ærverdige gamle verksbåten, Tya.
«Gløymt» i arkitektskissa: Den ærverdige gamle verksbåten, Tya.

Å få den ærverdige gamle verksbåten tilbake til bygda, og ikkje minst arbeidet med å restaurere Tya til originalstand, har vore eit både tungt og stort løft, innrømmer Anne Kathrin. Men igjen er det viljen til mange som brenn for prosjektet som har gjort det mogleg:

– Øyvind Jevnaker, Jonny Asperheim (Årdal Sogelag) og Alf Roger Lereng for å neve nokre. Eg kom no berre med etter kvart, seier Anne Kathrin.

Alle desse har gitt viktige bidrag til å få Tya heim. Og det er plass til fleire!
Alle desse har gitt viktige bidrag til å få Tya heim. Og det er plass til fleire!

Merkar forskjell på Klingenberg

Plaketten i salongen på Tya vitnar om mange bidragsytarar, også til dette prosjektet – heile 18 «takk for støtta-plassar» er sett av til no, og det er plass til fleire …

Frå venstre: Erling Eggum, Anne Kathrin L. Hæreid og Jonny Asperheim i salongen på Tya. Organiserte turar med Tya vil kunne bli ei stor oppleving, både for turistar og bygdefolk som brukar Sjøfronten.
Frå venstre: Erling Eggum, Anne Kathrin L. Hæreid og Jonny Asperheim i salongen på Tya. Organiserte turar med Tya vil kunne bli ei stor oppleving, både for turistar og bygdefolk som brukar Sjøfronten.

Erling Eggum, dagleg leiar av Klingenberg Hotel, har naturleg nok vore tett på det som har skjedd rett nedom hotellet. Han minnest at det var mykje folk på kaien den dagen Tya kom, og ser allereie resultat av arbeidet som er lagt ned:

– Allereie i sommar har det kome båtar, mange båtar, sikkert ei tredobling frå i fjor. Gjester som kjem med båt, tek seg gjerne ein matbit, og dei skryt over kor fint det er blitt her!

Båtgjestene kjem både frå regionen, og langvegsfrå.

– Eldsjelene som står bak har vore flinke og gjort Sjøfronten synleg i dei rette kanalane, meiner Eggum.

Torunn Laberg driv Bulder og Brak, men er også involvert i Sjøfronten. Her er ho på tur i Tya samman med båtførar Kenneth Vindedal.
Torunn Laberg driv Bulder og Brak, men er også involvert i Sjøfronten. Her er ho på tur i Tya samman med båtførar Kenneth Vindedal.

Det neste store for Tangen?

Årdalstangen fekk Bymiljøprisen for nokre år sidan etter oppgraderinga av torget, og mange vil truleg sjå på det som no er i gang med Sjøfronten som «det neste store for Tangen». Torunn Laberg, som er engasjert i ei prosjektstilling for å være med å utvikle Sjøfronten, ser det ikkje slik:

– Det handlar om heile Årdal og ikkje berre om Tangen. Det handlar mest av alt om sjøen, frå ytst i Offerdalen og vidare innover. Sjøen er viktig for heile Årdal. Me må ta sjøen tilbake!

Laberg har også klåre tankar om det planlagde «Fjord til Fjell»-bygget:

Starten: Industrien som nyttar fallande vatn starta i Offerdalen, det er ei viktig brikke i forteljinga om Årdal.
Starten: Industrien som nyttar fallande vatn starta i Offerdalen, det er ei viktig brikke i forteljinga om Årdal.

– Poenget er ikkje at det skal være høgt og prangande, men eit signalbygg. Du skal få utsikt frå toppen, men framfor alt skal du få med deg kva Årdal er og har vore, meiner ho.

Vatn – felles for heile Årdal

Utnyttinga av vasskrafta i Årdal starta nemleg ikkje med utbygginga av aluminiumsindustrien. Den starta med ei mølle og ei sag i Offerdalen. Og utan fjella? Ingen kraftmagasin, ingen aluminiumsproduksjon. Fellesnemnaren her er vatn.

Målet er å få fram mellom anna slike samanhengar i det nye bygget. Det er nemleg planlagt ei industrihistorisk utstilling gjennom dei seks etasjane mot toppen, som fortel mellom anna denne historia.

Her blir det liv! I alle fall om vedtak om finansiering av signalbygget «Fjord til Fjell» kjem på plass.
Her blir det liv! I alle fall om vedtak om finansiering av signalbygget «Fjord til Fjell» kjem på plass.

– Ein gong i tida var fjellsidene i Årdal gråe av daud skog. Fluorustsleppa tok knekken på den. Men det vart gjort grep, og no er Utladalen blitt ei turistperle. Og Årdalsfjorden har vore «daud» ei stund, det er velkjend. Men no livnar han til igjen, og med utbygginga av Sjøfronten gjer me grep for nettopp å ta sjøen tilbake, seier Terje Laberg, leiar av Årdal Utvikling.

Også for bygdefolket!

Det er nærliggande å tenke turisme når utbyggingsprosjekt som Sjøfronten vert diskutert.

– For meg handlar det ikkje om å trekkje masse turistar hit. Ja, me vil gjerne ha besøk, men da helst av mindre grupper. For meg handlar utbygginga av Sjøfronten like mykje om bygdefolket. Det blir koseleg med liv i båthamna og parken. Og turar med Tya må også være tilgjengeleg for oss i bygda. Det er noko spesielt med å opphalde seg ved sjøen, seier Anne Kathrin L. Hæreid.

Erling Eggum er samd i at liv på Sjøfronten er vinn-vinn, både for bygdefolk og turistar. På spørsmålet om korleis det vil være nedom Klingenberg om to nye år – altså fire år etter «Murmansk» – seier han:

– Då putrar Tya på fjorden, saman med masse småbåtar. Folk badar frå det nye bygget, brukar badstova, og turistane stimlar til utstillinga i tårnet.

Men – det viktigaste manglar: Endeleg vedtak om finansiering av «Fjord til Fjell»-bygget. Det må bli eit samarbeid mellom næringslivet og Årdal Kommune, og saka kjem truleg opp i det nye kommunestyret utpå hausten.

* Formuleringa er eit indirekte sitat frå Torunn Todal Laberg. I samtalen om Sjøfronten gjorde ho eit kreativt forsøk på ikkje å hamne ut i «Tangen mot Øvre-sumpa», sjølvsagt med diverse lokaliseringsdebattar som bakteppe. For henne er det viktig å sjå bygda som ei heilheit. 

Powered by Labrador CMS