ANNONSE:

Frå Årdal til Abu Dhabi — hjå Impec må ein belage seg på prosjekt over heile verda

Ein attraktiv arbeidsplass, meiner Kim Voll (33) og Ole Lerum (18).

Publisert

Impec jobbar inn mot aluminiumsindustrien, og oppgåvene er mange; alt ifrå vedlikehald og konsultasjon, til å utvikle nye maskiner som kan optimalisere aluminiumsprosessen.

— Impec verkar som ei interessant og lærerik bedrift. På reise får ein også møte andre bedrifter og sjå korleis dei gjer ting. Slik får ein observert meir enn om ein berre hadde vore på ein plass, fortel Ole Lerum.

Etter å ha gått Teknikk og industriell produksjon på vidaregåande, fekk han tilbod om læreplass hjå fleire bedrifter. Han var ikkje i tvil om å velje Impec. Prosjekta er mange og varierte og strekkjer seg over eit stort geografisk område.

— Det er alt ifrå å vere her i Årdal, til Karmøy og Abu Dhabi…

— Og Island, Frankrike… Stort sett over alt der det er eit aluminiumsverk, supplerer Kim Voll, som jobbar som prosjektingeniør i bedrifta.

Mykje ansvar og brei erfaring

KONTROLL: I dag har Kim Voll det overordna ansvaret for to prosjekt. Frå denne pulten har han full oversikt over framgangen.
KONTROLL: I dag har Kim Voll det overordna ansvaret for to prosjekt. Frå denne pulten har han full oversikt over framgangen.

Voll kjem frå oljebransjen hjå firmaet FMC. Han fortel om ein arbeidsplass med mange fleire menneske, kor alle har sitt spesifikke område.

— Her, derimot, er eg med frå begynnelse til slutt på alt som skjer; frå design til prosjektering til oppfølging. Frå me får prosjektet til me er ferdige, seier Voll.

Med dette fyl eit anna nivå av ansvar.

— Ein følgjer opp på ein heilt annan måte; eg skal ha kontroll for heile leveringa. Slik lærer ein meir, og ein får meir ansvar og erfaring.

TESTAR JAMLEG: — Ein lyt feile for å finne ut korleis det skal vere. Så rettar ein opp, og då blir det bra til slutt. Det er ein rundgang, fortel Lerum.
TESTAR JAMLEG: — Ein lyt feile for å finne ut korleis det skal vere. Så rettar ein opp, og då blir det bra til slutt. Det er ein rundgang, fortel Lerum.

 

Viktig å vere løysingsorientert

Med utvikling av nye maskiner fyl også nye utfordringar. Voll og Lerum fortel at dette er ein naturleg del av prosessen.

— Ein lyt feile for å finne ut korleis det skal vere. Så rettar ein opp, og då blir det bra til slutt. Det er ein rundgang, fortel Lerum.

Voll er einig.

— Det er ein del utfordringar, men det er det berre til å komme seg gjennom. Det er viktige å sjå løysingar, gjere sitt beste og vise at ein vil det, seier Voll.

Lerum har vore hjå Impec i tre månader. Det første målet er å ta fagbrev, og vidare håpar han at det er plass vidare i bedrifta.

— Ein eller anna gang vil eg nok komme inn på eit kontor, slik som Kim. Men no har eg lyst til å vere på bakken og arbeide, seier Lerum.

Powered by Labrador CMS