God stemning: Ketil Thorbjørnsen og Andreas Hillestad Aannevik slår av ein prat i sofagruppa etter litt gitarspel. Lidvar Berge
Hugin: – Me tør meir når me har sponsorar
Og det er bra. For at så mange har våga å satse på musikk, over så langt tid, har gjort at miljøet i Årdal, med utspring i musikkforumet Hugin, blømer.
Utanforståande spør seg gjerne undrande: Kva i alle dagar er det som skjer i musikkmiljøet i Årdal? Dei synast å dukka opp over alt, om det er på Sommeråpent, The Voice, eller Lutt-prisen no i januar 2019.
Berre lista over dei som spelte på Lutt-prisen, vitnar om ein sjeldan kombinasjon av kvalitet og kvantitet: Kaia Høl, Frida Hunshammer, Ketil Thorbjørnsen med Verdsmannen-bandet sitt og Karl Seglem.
– Utan Hugin hadde eg aldri drive med musikk no!Lidvar Berge
Svara du får på «kva som skjer innan musikk i Årdal», inneheld så godt som alltid Hugin. Det som ein gong på 80-talet starta som Rockebolet, er no blitt eit musikkforum som fungerer både ein samlingsplass for ungdom, og noko nær ein talentfabrikk.
Ifølgje nettopp Thorbjørnsen er ein av dei mest talentfulle på akkurat no Andreas Hillestad Aannevik. Andreas skildrar rolla musikkforumet har på denne måten:
– Hugin gir deg moglegheiter, ei scene å stå på. Og då får ein gjerne fleire sjansar òg. Å spele offentleg er nemleg ein terskel å trø over. Ein må sjølvsagt venne seg til å stå framfor eit publikum, men også lydkvalitet og trøkk kan være litt uvant:
– Ordentleg lyd er litt skummelt i starten. Men når ein då får det til, gir det verkeleg lyst til å spele meir!, minnest Andreas.
– Hugin er nesten blitt ein institusjon, ein kulturberar, seier Verdsmannen Ketil Thorbjørnsen.
Den lysta har verkeleg festa seg i Andreas, som no satsar både som musikar og låtskrivar. For tida held han seg mykje austafor, men når han er på heimtraktene, er han alltid innom Hugin – akkurat som den høgst veletablerte Karl Seglem.
Feedback frå folk med peiling
– Feedback er viktig, og her får eg det frå folk med peiling, er forklaringa til Andreas på at det alltid er interessant å møte folk på Hugin.
Ein skulle kanskje tru at det også var litt kniving og kanskje litt skitkasting i eit trass alt tett musikarmiljø, men det avkreftar Ketil:
– Nei, faktisk ikkje. Her får ein konstruktive innspel, me vil at også andre skal lukkast. I lokala på Svalheim er det to velutstyrte øvingsrom, og eit studio som akkurat no er under opprusting. Slikt krev ressursar.
– Andreas Hillestad Aannevik er ein av dei mest talentfulle unge akkurat no, meiner Ketil Thorbjørnsen.
– Hugin får inn ein del pengar på Påskerock (alle artistane spelar då på dugnad), men utan lokale støttespelarar ville det ikkje vera mogleg å bygga opp eit musikkforum som Hugin.
Gode støttespelarar
Ein av desse støttespelarane er Årdalsnett, som mellom anna har lagt fiber inn i Hugin-bygget.
– Spesielt til studiojobbinga er det viktig med ei rask og stabil internettlinje, meiner Ketil Thorbjørnsen.
Dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren, er svært nøgd når han ser resultatet av arbeidet til Hugin:
– Me ser godt kva dei gjer for musikkinteressert ungdom, og det er viktig for oss å støtta opp om.
Mellom anna Påskerock gjer nemleg at Hugin er godt synlege i byda:
– At me er synlege, det trur eg gjer det lett å koma i kontakt med oss. Og når ein kjem inn i gjengen, blir ein teken tak i. Få har slutta, poengterer Ketil Thorbjørnsen.
Ikkje verdsherredømme
Ketil skal ha mykje av æra sjølv for den gode rekrutteringa dei seinare åra. Han arbeider nemleg i Kulturskulen, for tida både i Årdal og Lærdal. Dei som er flinke og interesserte, blir sjølvsagt invitert til Hugin.
Godt ustyr krev gode støttespelarar.Lidvar Berge
Men målet er slett ikkje at alle skal vinna ein talentkonkurranse eller trakte etter verdsherredømme, det er Ketil veldig tydeleg på:
– Her handlar det først og fremst om musikk, ambisjonsnivået spelar inga rolle.
For Andreas, som er mellom dei som har ambisjonar, har hjelpa frå Hugin vore viktig for å kunne arbeide seriøst med musikk:
– Dei er rett og slett eit jævla bra støtteapparat, på ting som me unge musikarar ikkje har peiling på – til dømes kontraktar.
Utan Hugin?
Både Andreas og Ketil set stor pris på den støtta dei har fått gjennom Hugin. Verdsmannen har jo nyleg slept den tredje plata si, til strålande kritikkar, noko som ikkje ville vore mogleg utan Hugin:
– Utan støtta eg har fått, ville det blitt med den første plata, det er heilt klart, seier Ketil.