ANNONSE:

IVRIGE: Mats Askeland Kauppi (t.v.) og Tor Sivert Valaker Nes er ferdige med éi av tre veker hos HMR Hydeq. — Det er fint arbeid, greie folk og kjekt miljø her, seier Nes.
IVRIGE: Mats Askeland Kauppi (t.v.) og Tor Sivert Valaker Nes er ferdige med éi av tre veker hos HMR Hydeq. — Det er fint arbeid, greie folk og kjekt miljø her, seier Nes.

Praksis hos HMR Hydeq: – Får teste fagområda på reelle jobbar

Ein gong i halvåret er yrkeselevane frå Årdal vidaregåande skule på besøk hos ulike bedrifter for å få erfaring. Her er seks av dei hos ei av dei største industribedriftene i regionen.

Publisert

– Eg har vore borti alt mogleg: kopla, lagt røyr og trekt kablar. Det har òg blitt mykje skruing, fortel Mats Askeland Kauppi (18). 

Han går tredje året på automasjon. Tida hittil har vore på verkstaden for montasje, på eit prosjekt for levetidsforlenging. Eit kjøretøy som høyrer til støyperiet TYA på Hydro, har blitt plukka ned og sett i hop att med nytt utstyr. 

– Eg er jo vant til mykje meir koblingar og slikt, og her er det meir mekanisk arbeid. Det har vore litt uvant, men det er spennande og mykje å lære, seier Kauppi. 

VARIERT: HMR Hydeq driv med både design og produksjon av tappesystem. Desse vekene jobba gutane på verkstaden med montasje og produksjon.
VARIERT: HMR Hydeq driv med både design og produksjon av tappesystem. Desse vekene jobba gutane på verkstaden med montasje og produksjon.

Tor Sivert Valaker Nes (17) går andre året på teknikk og industriell produksjon og har vore med på same prosjekt. 

– Eg har jobba på vannramma, bøygd til røyr, bora gjengar og skrudd, seier han.

– Korleis er det å vere her samanlikna med skulen? 

– På vidaregåande har me hatt ein del grunnleggande læring om boring og gjenging. Her får me prøve oss litt meir praktisk, og i litt meir ordentlige jobbar samanlikna med mindre øvingsoppgåver.

Godt innblikk i korleis drifta fungerer 

Harald Wahlquist gjer instruksjonar medan Arve Myrland finn plasseringa på varer. — Dei har sett spor etter seg allereie, seier Wahlquist. — Mellom anna har dei merka opp igjen heile lageret. Det er handfaste oppgåver som me elles måtte ha gjort.

Arve Myrland (17) og Trine Lomheim (18) går begge andre året på sal og service. Den siste veka har dei jobba med drifta.

– Det var veldig vanskeleg i starten, så fekk eg litt tak på det. Det sitt ikkje heilt enno, sjølvsagt, men eg fekk eit godt innblikk, seier Myrland.

Både han og Lomheim begynte på innkjøp. Der fekk dei innføring i ERP-system nytta i det daglege. Vidare har dei òg vore innom lageret. 

– Ideen er å gje ein gjennomgang av bedrifta, flyten. Frå vara kjem inn, kva me gjer på kontoret, til produksjonen tek over, seier Tor Erik Sveen, innkjøpsleiar 

Sjølv om oppgåvene baud på utfordringar, ga det meirsmak. 

– Det er godt arbeidsmiljø, og me blir godt tatt imot. Dette er ein plass eg kunne ha vore lærling i, seier Lomheim. 

KONTOR: Trine Lomheim jobba mykje med ERP-systemet som HMR Hydeq nyttar i det daglege.
 KONTOR: Trine Lomheim jobba mykje med ERP-systemet som HMR Hydeq nyttar i det daglege. 

Dannar seg eit bilete av potensielle lærlingar

Elevane er einige om at opplegget er eit godt supplement til skulekvardagen. 

GODT SAMARBEID: – Me prøver å tilpasse oppgåvene etter kvalifikasjonsnivået til elevane, og å utfordre dei litt. Dette er deiras utstillingsvindu for å vise seg fram for ein eventuell lærekontrakt. Stort sett har me vore godt fornøgde med elevane, og me har eit tett samarbeid med skulen, seier Tor Erik Sveen.

– På skulen har me lært mykje om kundebehandling, litt bruk av PC og tal og slikt, men det blir jo heilt annleis her, kor me faktisk bruker eit system, seire Lomheim.

– Det blir jo slik som ho sa. På skulen lærer me ikkje korleis ei bedrift fungerer, men det får me sett her, seier Myrland. 

Begge har søkt om å ta læretida si hos her. Får dei plass, kan det føre til fast jobb. 

– Bedrifta satsar jo på litt yngre krefter. På kontoravdelinga har me blitt ein gjeng som har fått høg alder etter kvart. Så det er klart at det vil bli gode moglegheiter for dei som kjem hit på læreplass, seier Sveen. 

Han legg til at utplasseringsprioden også kjem godt med for bedrifta før dei tek imot lærlingar.  

– Det er klart det er viktig å følge med, for då dannar også me oss eit bilete av deira kompetanse, måte å vere på, dette med oppmøte og pausar, og at dei tek litt initiativ sjølv.

Powered by Labrador CMS