ANNONSE:

LÆRLINGEÅRET 18/19: Petter Opheim, Trine Lomheim, Anders Lomheim (bak) og Tor Sivert Valaker Nes, saman med det som skal bli ei ny tappevogn.
LÆRLINGEÅRET 18/19: Petter Opheim, Trine Lomheim, Anders Lomheim (bak) og Tor Sivert Valaker Nes, saman med det som skal bli ei ny tappevogn.

HMR Hydeq: – Fire fantastiske lærlingar i varierte fagområde

Tappevogner er høgteknologi. Og for å produsera slike spesialiserte køyretøy, treng HMR Hydeq nye gode hovud og hender, innan mange fagområde.

Publisert

Årdal: Pizza markerte startskotet for HMR Hydeq-karrierane til Trine Lomheim, Petter Opheim, Tor Sivert Valaker Nes og Anders Lomheim.

HMR Hydeq legg nemleg opp til at det skal vera kjekt å byrja hjå dei, og stiller også krav til dei som tek fagbrevet sitt i ei høgteknologiverksemd.

Lærlingane fekk tidleg god innføring i bedrifta, saman med mellom andre dagleg leiar, Tor Arne Litlere, og kvalitetsleiar og ansvarleg for oppfølging av lærlingane, Bjørn Havro.

– Det faglege spennet er stort her, lærlingane kjem innom veldig mykje. Dei får ein kompetanse som dei kanskje ikkje får andre plassar, som er god å ha med seg vidare, seier Bjørn.

Alle desse fire hadde riktignok «tjuvstarta» hjå HMR Hydeq, med utplassering der i skuletida.

– Eg vart godt tatt imot på utplasseringa, og eg treivst veldig godt her. Og arbeidetverkar interessant, så eg har lyst til å jobba med det, fortel Trine Lomheim.

Første kontorlærling hjå HMR Hydeq

PIZZA: Ein uformell tone og kort veg mellom leiing og lærlingar er viktig for HMR Hydeq. Frå venstre: Lærling Anders Lomheim og kvalitetsleiar, Bjørn Havro.
PIZZA: Ein uformell tone og kort veg mellom leiing og lærlingar er viktig for HMR Hydeq. Frå venstre: Lærling Anders Lomheim og kvalitetsleiar, Bjørn Havro.

Trine tek sikte på fagbrev innan kontorfag, noko som er nytt av lærlingeåret 18/19 for HMR Hydeq.

– Dette er noko me tenkte på for eit par år sidan, men me fekk det ikkje heilt til den gongen. Me er difor veldig nøgde no, at me fekk det i orden, seier Bjørn.

Dei andre tre er i gang med læreløp mot fagbrev som industrimekanikarar. Det er eit svært anvendeleg fag, som òg er eit godt utgangspunkt for høgare utdanning, eller fagbrev innan nærliggande spesialområde.

Om ein tek fleire fag som har felles grunnlag, kan ein nemleg ta påfølgande og meir spesialiserte utdanningar med kortare læretid.

Anders Lomheim har gått den andre vegen. Han har allereie fagbrev som motormekanikar, og er altså no i lære som industrimekanikar. Men det er slett ikkje sikkert at han gir seg med det:

– Eg har planlagt å gå fagskule, ein eller annan gang. Men når det blir, veit eg ikkje enno, fortel Anders.

KONTORFAG: Trine Lomheim vert den første til å ta fagbrev i kontorfag hos HMR Hydeq.
KONTORFAG: Trine Lomheim vert den første til å ta fagbrev i kontorfag hos HMR Hydeq.

Inspirasjon til vidare skulegang

Han fortel vidare at han allereie under utplasseringa fekk prøva seg på montasje og sveising, og at han fekk komma opp på kontoret og sjå kva ingeniørane arbeidde med. Kanskje gir det inspirasjon til å gå vidare til fagskulen òg?

Også Petter Opheim tenker på alle moglegheitene som byr seg innan ei verksemd som HMR Hydeq:

– Når me bygger vogner, er me innom både motorinstallasjon og hydraulikk, alt mogleg eigentleg, frå start til slutt, seier Petter.

Han fortel også om fordelen av å kjenne den plassen ein arbeider på, om å kjenne dei folka ein arbeider med, og at det gjer det interessant å etablere seg i Årdal.

Lokal rekruttering er vinn-vinn

– Å få læreplass lokalt, var noko eg var glad for, slik at eg slapp å flytta og kan bu heime, poengterer Trine Lomheim.

HMR Hydeq satsar også målmedvite på å rekruttera lokal arbeidskraft, sidan det av erfaring gir mest stabilitet. I tillegg til mekanikarar, sveisarar og altså kontortenester, treng dei òg ingeniørar og økonomar.

Bjørn Havro seier det på denne måten:

– HMR Hydeq skal rekruttera framover, så det er store moglegheiter for å få fast jobb hjå oss.

Powered by Labrador CMS