Har du høyrt om godfotteorien til Nils Arne Eggen? I Årdal finst det en eigen variant. Den handlar om at næringslivet spelar kvarandre gode med fiberteknologi.
»Det er viktig å gå på banen for å være best mulig sjøl. Men det er langt viktigere å gå på banen for å gjøre medspillerne gode!». Slik er Nils Arne Eggen sitert i omtalen av boka «Godfoten», med undertittelen «samhandling – veien til suksess».
Og alle som har spela litt fotball veit kor håplaust det er med dårlege pasningar: Er ballen som kjem mot deg upresis, blir det med ein gong vanskeleg å få til noko sjølv også.
TREKKING: Har Årdalsnett noregsrekorden i talet på høgdemeter fiber? Tilførselskabelen frå Sogndal ligg på 1000 meters djup, og på Sletterust er det trekt fiber til over 1000 meter. Her frå trekkinga av fiberkabel mellom Øvre og Tangen.Arkiv.
Utbygginga av fibernettet i Årdal er noko tilsvarande: Der gjekk veldig mange lokale aktørar saman for å få det digitale pasningsspelet til å gå raskt og presist.
Utgangspunkt: Telenor ville ikkje
Starten på denne historia ligg tilbake i 2001. Då var Telenor så godt som einerådande på den gryande internettmarknaden, men i Årdal såg dei ikkje noko behov for å starte utbygging av det nye og lynraske nettet basert på fiberoptiske kablar.
Dei hadde jo eit vel utbygd ISDN-nett på dei gamle fasttelefonlinjene.
Næringslivet i bygda såg derimot framover, og dei var ikkje nøgde med pipande og blinkande modem, som nær sagt overførte ein og ein byte med dropeteljar.
Visste ikkje kva dei dreiv med …
Ole Vidar Øren var den første styreleiaren i Årdalsnett. Han tenkjer tilbake på pionertida på denne måten:
– For meg var det overordna viktig å få til noko i Årdal, for Årdal – meir enn eg visste kva eg dreiv med.
Odd Øren, som i dag er dagleg leiar i Årdalsnett, ser på tilnærminga til den gamle styreleiaren på denne måten:
AGNITIO: – Me bidrog med teknologiutvikling, kanskje også til å tenke nytt. Me kunne òg tilføra teknologikompetanse, og stå for ein del av gjennomføringa, minnest Arne Håkon Laberg, dagleg leiar i Agnitio.Lidvar Berge
– Ole Vidar hadde kanskje ikkje peiling på fiberteknologi, men han såg behovet, og han var god til å få med seg folk. Det var viktig i den fasen me var i.
Mange små
LOKALT: – Det er viktig å bruka lokale tilbod, og det gjeld ikkje berre Årdalsnett. Slik spelar vi kvarandre gode, meiner Odd Øren, sitjande i ein Peugeot levert av Indre Sogn Bil.Lidvar Berge
Årdal Energi har heile tida vore den største eigaren i Årdalsnett, men i starten fekk dei med seg heile 12 småaksjonærar frå lokalt næringsliv. Mellom desse var datafirmaet Agnitio:
– Me gjekk inn nesten med ei dugnadsinnstilling, for å bidra til å få til noko saman. I startfasen var også Årdalsnett samlokalisert med Agnitio, noko som gjorde oss til ein sentral diskusjonspartnar, minnest dagleg leiar Arne Håkon Laberg.
Av andre som bidrog med godtfotteknologi i startfasen kan nemnast Prosess Elektro, som designa infrastruktur, Total Elektro som stod for drift og vaktteneste, Multi Elektro (no Bilfinger/ BIS), som var dei første i bygda med fiberkompetanse, og Årdal Energi, som hadde både montørressursar og fiberkompetanse.
Enivest inn
Eigarstrukturen har vorte myke meir samla sidan pionerfasen, og i 2017 gjekk Enivest inn. Administrerande direktør, Nandor Helgheim, utalte den gong til porten.no:
LOKAL ENTREPRENØR: – Olav Birger og gutane les mykje utstyrsblad, og kokar det godt i hop, fortel Anne Kathrine L. Hæreid.Lidvar Berge
– Eg er imponert over det arbeidet som Odd og resten av organisasjon i Årdal, inkludert samarbeidspartnararar, har fått til. Ikkje minst er eg imponert over viljen til å vidareutvikle dette framover.
Eitt av utviklingsprosjekta i seinare tid har vore utbygginga av fiber på Sletterust.
– I hyttefelta var det jo ingen ting, ikkje eingong mobildekning mange stader. Kvifor ikkje legge fiber med det same?, seier Odd Øren.
Kreativ graving
FIBER: Plog på gravemaskin som legg kabel med det same. På denne måten blei gravekostnadane redusert til en tidel.Truls Grane Sylvarnes
Og her kom det mekanisk godfotteknologi inn:
– Olav O. Hæreid skaffa seg ein plog til å setje på gravemaskina. Denne grov grøft og la kabelen i same operasjon. Det reduserte gravekosten mykje, på enkelte strekningar til ein tidel av det vanlege, fortel Odd.
At Olav O. Hæreid fekk jobben på timebasis, og ikkje til fast pris, vitnar også om tillit i samarbeidet mellom dei lokale aktørane.
Anne Kathrine L. Hæreid forklarar vegen til den nyskapande fiberlegginga på denne måten:
– Olav Birger og gutane les mykje utstyrsblad, og kokar det godt i hop. Da me såg den plogen, tenkte me: «Den der va snaopen, ein slek må me ha!»
Tøffe periodar
Det har vore tøffe tak undervegs reint økonomisk, så dei som gjekk inn tidleg i Årdalsnett med «dugnadsperspektiv» gjorde truleg rett i det.
– For å få og utvikle økonomi i drifta, har det vore viktig med vekst i privatmarknaden, fortel Odd Øren.
Slik sett kan du også bidra til godfotteknologien i byda med å handla Internett- og TV-abonnement lokalt.
Og ikkje minst: Når Årdalsnett etter kvart driv en sunn butikk, kan dei også bidra attende til lag og organisasjonar. Slik sett er det å handla lokalt vinn-vinn!