ANNONSE:

Med den nye nettsida, får annonsørar fleire nye moglegheiter for å nå ut med Porten.no. Foto: Truls Grane Sylvarnes
Med den nye nettsida, får annonsørar fleire nye moglegheiter for å nå ut med Porten.no. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Nye kommersielle moglegheiter for deg som annonsør

Porten.no er komen på ein splitter ny plattform. I samband med dette lanserer me nye konsept som bedrifter kan nytte seg av.

Publisert

Regionens største, heildigitale stillingspakke

Saman med lokale bedrifter såg Porten.no behovet for ei løysing som byggjer sterkare på visuell formidling, og som utnyttar dagens digitale moglegheiter. Til dømes har stillingar ofte blitt illustrert berre med ein logo. Sjølv om denne gjerne er stilig og forseggjort, kan andre val gje betre effekt.

Dette er Jobb i Sogn:

 

  • annonse i stillingskarusell fram til søknadsfrist. Karusellen er plassert mange plassar på Porten.no, slik at fleire lesarar blir merksame
  • målretta promotering på Facebook og Instagram
  • strukturering av tekst som sikrar SEO
  • remarketing: interesserte kandidatar som har brukt tid i annonsen, får påminning om jobbmoglegheita i andre kanalar
  • standardpakke: 6900,-
  • vikariat/ engasjement: 5900,-
  • lanseringstilbod: gratis bannerannonsering fram til søknadsfrist. Kontakt oss på marknad@porten.no 

— Tenk kor mykje meir du får formidla om du heller tek i bruk flotte bilete som illustrerer arbeidsmiljøet, jobbsituasjonen eller den vakre naturen, seier Synne Asheim Haga, kommersiell leiar i Porten.no.  

Konseptet «Jobb i Sogn» er bygd frå botnen, og målet er at dette skal bli den naturlege arenaen for å presentere og oppdage karrieremoglegheiter. I tillegg til at stillinga får ligge i karusell heilt fram til søknadsfrist, går Porten.no aktivt inn for at riktig målgruppe får kjennskap til jobbmoglegheita. 

— Mange som har bytta jobb, var ikkje på leit etter ny arbeidsstad. Difor er det viktig å gjere grep for også å promotere stillinga utanfor avisa. Elles er det ikkje eit poeng å nå «alle». Stillinga krev gjerne ein spesifikk kompetanse, som fagbrev i tømring eller master i jus. Då kan ein nytte kronene effektivt mot akkurat desse. Heile denne prosessen er inkludert, seier Haga. 

Jobb i Sogn: nytt stillingskonsept som jobbar aktivt for å kommunisere jobbmoglegheita i ulike kanalar.
Jobb i Sogn: nytt stillingskonsept som jobbar aktivt for å kommunisere jobbmoglegheita i ulike kanalar.

Kalendar for heile regionen

I Primstaven ynskjer Porten.no å samle arrangement frå heile Indre Sogn, både festivalar, fjellturar, fotballkampar og anna. Per i dag er det gratis å føre opp nye hendingar. Legg gjerne til nye arrangementog hjelp oss med å halde samlinga oppdatert.

Dette er Primstaven:

  • samling av hendingar frå Indre Sogn
  • filtrering på kommune, månad og kategoriar som sport, kultur, kommune og politikk, og liknande
  • per i dag er det gratis å legge inn nye hendingar 

 — Me har motteke signal på at det har vore vrient å følgje med på kva det er som skjer når. Dette har mellom anna gjort det utfordrande for bedrifter, lag og organisasjonar å planlegge nye hendingar. Ei helg kan det plutseleg skje mange ting i same område, medan det helga etter er heilt stilt. Målet er at dette verktøyet skal gjere det lettare å halde oversikt, samhandle og synleggjere arrangement, seier Haga. 

Kalendaren blir utvikla etter kvart som behova byr seg. Kanskje skal det vere fleire kategoriar å filtrere på for å gjere det lettare å finne fram. Porten.no ynskjer alle innspel velkomne. 

Primstaven.
Primstaven.

Reklameinnhald og bedriftsprofil

No kan du lage bedriftsprofil på Porten.no og skape eit univers med innhald på dine premiss. Reklameinnhald, også kalla native ads og content marketing, er tydeleg merkja artiklar som presenterer produkt og tenester i lag med anna interessant stoff. 

Teksten skal vere verdifull og gje spennande kunnskap til lesaren. Dette kan vere tips til interiør eller kva du bør tenkje på ved kjøp av leilegheit. Medan forbrukarane les, blir dei kjent med kva bedrifta kan tilby. Dette har synt seg å vere svært effektivt, seier Haga.

Dette får du med bedriftsprofil:

  • eiga underside for bedrifta på Porten.no
  • konsultasjon i kva innhald det kan vere relevant for dykkar bedrift å satse på
  • Porten.no produserer reklameinnhald etter avtale, med både tekst, bilete og video. Bedrifter kan også komme med eige innhald
  • kommersielle artiklar får éi veke på framsida. Vidare vil dei alltid vere tilgjengelege på bedriftssida. I tillegg vert artiklane synlege på relevante undersider, som næring, kultur, og liknande.
  • artiklane blir promotert aktivt i sosiale media, slik at dei også når folk som ikkje les Porten.no
  • innhaldet blir strukturert etter Google sine preferansar. Dette blir kalla søkemotoroptimalisering, eller SEO, og gjer at dei vert favorisert når folk søkjer på relevante ord.
  • kontakt marknad@porten.no for å komme i gang

 — Delar av kjøpsreisa er over før kunden tek kontakt, men bedrifter kan gjere sterke grep som påverkar kva inntrykk kunden då har. Nesten alle tyr til internett for å sanke informasjon. Der er det viktig at ein så stor del av informasjonen som mogleg, kjem frå deg, seier Haga.

For å nå ut, må stoffet plasserast i kanalar med mykje trafikk og ha ein struktur som sikrar søkemotoroptimalisering, slik at google løftar det opp. Dette får du hjå Porten.no. 

Powered by Labrador CMS