Porten.no har skaffa seg rettar til å syne innhald frå Eliteserien. No kan de presentere dei beste augneblinka — skreddarsydd mot sogningar.
Som heildigital nettavis i god vekst, utforskar me nye moglegheiter i formidling av innhald. Gjennom ei redaksjonell uavhengig satsing, vil me vise høgdepunkt frå kampar, gode historiar og interessante tilbakeblikk. Videoane vert delt i digitale kanalar med mål om å skape engasjement.
De er sikra synlegheit gjennom kvalitet:
tilsette i Porten.no har alle bakgrunn frå videoproduksjon i TV 2 og NRK
strategisk distribuert i sosiale media, med tag av annonsør
evig eksklusiv sponsor av videoen
videopakkar kan kombinerast med annan annonsering på Porten.no
STOR BLEST: Denne videoen nådde over 15 200 personar og fekk over 4400 unike sjåarar. Dette er organiske tal, som vil seie at ingen kroner vart brukt til å booste ytterlegare. Om ein også legg inn nokre kroner i boosting, når ein mange, mange fleire.
Nytt konsept
Dette er eit nytt konsept i regionen, som ingen andre lokalmedia har. Journalistane våre har solid bakgrunn frå TV-spesifikke redaksjonar og har jobba konkret med slike produksjonar til landets største sportssendingar. Rettane inkluderer årets sesong, arikvmateriale heilt tilbake til 2006 og fleire andre divisjonar. Med andre ord er det mykje spennande å ta tak i.
For annonsørar
8-10 sekund lang intro redigert inn i videoen. Slik vert de synleg kvar gong snutten blir spelt av, ikkje berre gjennom ei viss mengde pre-rolls
plassering: i sak som blir delt på Porten.no og på Facebook-sida vår. Video blir også publisert direkte på Facebook med «sponsa av»-grafikk i venstre hjørne. Annonsørar får også tag i sjølve Facebook-posten
på Facebook kan videoen bli boosta strategisk. Slik er det nesten uavgrensa kor mange den kan nå
video vil elles leve evig i Porten-universet. I ettertid vert snutten lenkja inn i andre saker, «slik gjekk det i førre kamp», og liknande.