ANNONSE:
Dei 6 viktigaste elementa for at annonsa gjer effekt
Annonsering på papir og nett er to forskjellige verder. Under er dei viktigaste triksa for å lukkast med digitale banner.
1. Godt bilete
90 % av det hjernen vår fangar opp, er visuelt. Utnytt dette. Når brukarane skummar seg nedover nettsida, er det særs viktig at annonsa dykkar har eit bilete eller andre visuelle element som trekkjer merksemd. Stikkord er action, «noko som skjer», god kvalitet og stor oppløysing.
2. Logo
Branding er viktig, slik at det kjem tydeleg fram at de er avsendar. Dette vil også skape gjenkjennelseseffekt. Dess fleire gongar ein brukar ser dykk, dess «djupare spor» set de i minnet deira.
3. Effektiv tekst
«Less is more». Dette punktet skil seg særleg frå klassisk avisannonsering. Lat berre den aller mest essensielle informasjonen vere synleg på sjølve annonsa, slik som dato, stad og kjappe ord om kva det gjeld. Gjerne også mindre. Resten av informasjonen legg de på landingssida (sjå punkt under). Lite tekst er særleg viktig på mobilannonser, sidan det rett og slett ikkje er plass til særleg mykje. Få ord vil også pirre nysgjerrigheten.
4. «Call to action»-knapp
Det har ingenting å seie kvar på annonsa brukaren trykkjer for å komme seg vidare — likevel er det særs effektivt å legge inn ein fiktiv knapp i designet. Dette triggar hjernen vår, me vert nyfikne, og fleire av oss trykkjer. Slik får ein målt effekt og presentert meir infromasjon.
5. Lenkje
Alle nettannonser treng ei lenkje, og denne skal gå til ei landingsside som presenterer meir informasjon. Det er viktig at «reisa» mellom annonse og sluttstad vert så kort som mogleg. Døme: pass til fjellsportfestivalen som folk kan kjøpe på nettsida deira. Her bør lenkja vere http://fjellsportfestivalen.no/festivalpass/, ikkje til http://fjellsportfestivalen.no/. På sistnemnte må brukarane klikke endå ein gang for å komme til målet, noko som vil gjere at fleire fell av.

6. Landingssida
Til dømes ei nettside, ei Facebook-side eller ein PDF. Her må ein passe på…
- …«message match» og «design match»: Message match vil seie at tittelen eller hovudorda på annonsa samsvarer med det brukaren møter på landingssida. Design match vil seie at brukaren møter dei same designelementa, som bilete, fargar og logo. Dersom landingsside har få eller ingen likheitstrekk med annonsa, kan brukaren verte forvirra og klikke seg ut, og de vil få færre konverteringar.
- …at det er få val: Så få knappar som mogleg, for desse kan trekkje brukaren vekk frå det de ynskjer å formidle. Vil de ha søkjarar til ei stilling, bør knappen «Søk på stillinga» vere det einaste logiske steget vidare. Ei verkeleg god landingsside har gjerne berre éin knapp til konvertering og ingen meny i toppen.
- …å forklare effektivt: Ikkje overless brukaren med for mykje informasjon. Inkluder det som er relevant for at han eller ho vil bestille vara, søkje på stillinga, melde seg på arrangementet, eller liknande.