ANNONSE:

1. mai - Sjå flaggheisen her

Publisert Sist oppdatert

Kl. 08.00 Flaggheising på torget, vi marsjerar til Rallaren med Øvre Årdal Janitsjarkorps. Appellar, og kulturinnslag.

1. mai er ein viktig dag for oss, der me får mogleggheit til å hylla rallaren, som gjennom enkle kår og tunge arbeidsforhold bana veg for den velferda me faktisk har i dag.

Med ei regjering som absolutt fortener fagrørsla sitt søkelys og protestar på dei usosiale inngrepa i folk sin kvardag og økonomi, er det viktigare enn nokonsinne å få synleggjort våre krav og synspunkt.

Me må i dag minna kvarandre på kor viktig det er å ha eit godt organisert arbeidsliv, ein sterk offentleg sektor med gode utbygde helseordningar, gode opplæringsvilkår for born og unge, samt eit godt sosialt sikkerheitsnett.

1. mai er arbeidarbevegelsen sin internasjonale kamp- og demonstrasjonsdag. I år er hovudparolen tryggleik for helse og arbeid. Dette er meir relevant enn nokonsinne. Gratulerer så mykje med dagen, alle saman! Nyt dagen og ta vare på kvarandre.

Sjå program her

Powered by Labrador CMS